Eit oppdrettsanlegg blir midlertidig heim for dei åtte pingvinane dersom faren for fugleinfluensa blir så stor at dyra må flytta innandørs.
Pingvinar er óg fuglar
Direktør Kees Oscar Ekeli ved Akvariet har planlagd evakuering i to veker.
- Eit eventuelt pålegg frå Mattilsynet vil komma svært raskt. No gjeld dette pålegget frå Rogaland og sørover, og her må ein halda alle fuglar innandørs. Sjølv om det ikkje ser heilt slik ut, så er jo pingvinar óg fuglar, fortel Ekeli.
Flyktar til Øygarden
Og då er det hjelp å få i Øygarden. Endestopp for fluktruta er eit oppdrettsanlegg.
Reine pingvin-hotellet, ifølgje kultursjef i kommunen, Bernt Hjørnevik.
- Eg trur dei vil få det bra der. Dei vil få husvære og tak over hovudet, som var ein av føresetnadane. I tillegg vil dei ha tilgong på ferskt sjøvatn, seier han.
Trudde det var ein spøk
Men å kanskje måtta husa åtte pingvinar i nær framtid var ikkje kommunen førebudd på.
- Eg byrja å le først. Då eg la på røyret trudde eg heilt ærleg at nokon ville ringa opp att fem minuttar etterpå og sei at det var ein spøk. Men når det er sagt så er eg veldig glad for at Øygarden kan hjelpa til i denne situasjonen, fortel Hjørnevik.
Vil helst vera i Bergen
Men direktør Ekeli på Akvariet vil helst ha pingvinane i Bergen.
- Me håpar i det lengste at Hordaland ikkje skal bli ramma av dette, men sannsynet for det er umogleg å seia noko om. Me førebur i alle fall at det kan skje, og at pingvinane skal ha det godt sjølv om dei må evakuera, seier han.