24 av dei største unge pianotalenta i verda er denne veka i Bergen for å delta på The International Edvard Grieg Piano Competition som arrangerast på Troldhaugen 11.–18. oktober.
TROLDHAUGEN: I Edvard Griegs heim på Troldhaugen i Bergen skal dei 24 pianistane kappast om fyrsteplassen i The International Piano Competition i Bergen og 30.000 euro.
Foto: Picasa 2.0– Det finst jo kolossalt mange store pianotalent der ute, og me har samla dei aller beste me kunne få tak i, seier museumsdirektør Sigurd Sandmo.
101 pianistar frå 34 land har søkt om å delta. Dei 24 handplukka deltakarane som skal kappast om fyrstepremien på 30.000 euro er mellom 17 og 33 år, frå land som Kina, Italia, Russland og Tyskland.
– Dette er folk som har spelt Grieg frå dei var veldig unge, og har hatt eit nært forhold til Griegs musikk. No kjem dei til Trollhaugen, Griegs eigen heim og Griegs eige landskap, seier Sandmo.
Gratiskonsertar for publikum
Frå søndag til torsdag kostar det ingenting for publikum å få med seg konsertane på Troldhaugen. Og terskelen for å møte skal vere låg.
GRIEG: Den internasjonale Edvard Grieg Pianokonkurransen blir halde for andre gong i komponistens heim på Troldhaugen i Bergen.
Foto: Edvard Grieg Museum Troldhaugen– Det er berre å komme som ein er. Direktøren på Troldhaugen har tenkt på kva han skal gå i, men alle andre kan komme som dei er. Følg med og tropp opp.
Desse konsertane kan du sjå direkte på nrk.no:
- Måndag 13.10: Deltakar 10 – 18, klokka 10-17.20.
- Tysdag 14.10: Deltakar 19 – 24, klokka 10–15.
- Onsdag 15. oktober: Andre runde, klokka 09.30-19.
- Torsdag 16. oktober: Semifinale, klokka 11–14 og 16–19.
- Laurdag 18. oktober: Finale i Grieghallen, klokka 18–20. Finalistane spelar då med Bergen filharmoniske orkester, leia av Miguel Harth-Bedoya.
(Det vil bli ein stopp i direktesendinga under dei innlagde pausane)
Andsnes i juryen
I tillegg til sjølve konkurransen, blir det mellom anna halde konsertforedrag med Grieg-prisvinnar Liv Glaser, meisterklasse med jurymedlem Dominique Merlet, tur til Lysøen med norsk folkemusikk og ein solokonsert i Håkonshallen med jurymedlem Ya-Fei Chuang.
I JURYEN: Pianist Leif Ove Andsnes sit i juryen som skal røyste fram vinnaren i finalen laurdag.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRKPianistane som blir slått ut i løpet av konkurransen reiser på turné i fylket, til Norhordland, Voss, Øystese og Valevåg.
I juryen sit dei internasjonalt anerkjente pianistane Leif Ove Andsnes (Norge), Oxana Yablonskaya (Russland), Ya-Fei Chuang (Taiwan/USA), Dominique Merlet (Frankrike), Marianna Shirinyan (Armenia) Jens Harald Bratlie (Norge) og juryformann Einar Steen-Nøkleberg (Norge).