Hopp til innhold

Peter laga sine eigne treski: – Meiningslaust å køyra bil for å gå i preparerte løyper

HAUKELIFJELL (NRK): Dei fleste stabbar rundt i påskefjellet og ser ned på glasfiberski med ansiktet til Roald Amundsen på. Peter Helland-Hansen drar på telttur med heimelaga ski og pulk.

Peter Helland-Hansen

NEVENYTTIG: – Eg har jo det fortrinnet at eg har bygt trebåtar i 25 år, seier Peter Helland-Hansen, med sjølvlaga treski og samisk kjerris-pulk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Med glasfiberski i glorete rosa og lilla fargar er eg på tur på Haukelifjell.

På eit lite vatn sør for Nupseggi kryssar eg skispor med eit par frå Øystese, og legg straks merke til skia til mannen. Eit par nydelege, lyse bjørkeski med gamle Nato-bindingar.

– Det er bjørkeski som eg laga på kurs for nokre veker sidan hos Thomas Aslaksby i Valdres, seier Peter Helland-Hansen ganske stolt.

Han jobbar til vanleg på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund.

– Eg har jo det fortrinnet at eg har bygt trebåtar i 25 år, så det er ikkje nokon stor kunst å laga treski. Bindingane fekk eg på forsvarsbrukt.no.

Skituppane gir energi

Skia er 230 centimeter lange og 11 centimeter på det breiaste, med litt innsving på midten.

– Eg tok utgangspunkt i form og dekor på nokre gamle ski frå bygdemuséet på Storeteigen i Øystese. Dei er gode å svinga med viss det er litt laussnø.

Framme i tuppen har skia ei kuleform, som eit «drakehovud».

Eller, sidan Peter er båtbyggar, kan ein kanskje kalla det ein «gallionsfigur».

– Det har sikkert vore eit slags bumerke for han som laga skia. Men avrunda tupp er funksjonelt. Og så er det jo fint å sjå på når tuppen «skyt» ut av laussnøen for kvart steg. Ein går jo fort eit par mil ekstra med dei skituppane der!

– Mange går og ser ned på ski dekorert med ansiktet til Roald Amundsen eller Cecilie Skog?

– Det blir jo vanskeleg å hamla opp med slike folk, så det er jo heller demotiverande.

– Kva syns du om mine glorete ski?

– Me trur gjerne at alt nytt er bra og innovasjon, men slik er det rett og slett ikkje. Eg har også det nyaste moderne av randoneeski og skøyteski, men desse sjølvlaga skia har fordelar på nokre typar føre.

Hege Kristin Seland Helland-Hansen og Peter Helland-Hansen

PASSE SAKTE: – Når Peter har desse treskia og ein tung, samisk trepulk, er me ein god match, seier kona Hege Kristin Seland Helland-Hansen, som likar å renna roleg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Meistringskjensle

Peter viser til at mange bur i fantastisk skiterreng, men manglar breie og lange ski til å gå i mykje nysnø.

– Det er ganske meiningslaust at me då må setja oss i bilen og dra til preparerte løyper, i staden for å kunna leika oss på bøar og i bakkar. Og i nysnø på Hardangervidda hadde eg med desse kome meg mykje raskare fram enn med vanlege fjellski.

Kona Hege Kristin Seland Helland-Hansen går derimot på flunkande nye glasfiberski med feller, men også ho snakkar varmt om treski.

– For born som skal læra skigåing, har treskia den fordelen at dei er stødige og ikkje sklir så raskt. Borna får større meistringskjensle.

Peter seier bjørk er rekna som det sterkaste treslaget.

– Sjølv med ganske hard skare her, har dei ikkje blitt veldig slitne på tre dagar. Men med så breie ski, og mykje bering, blir det vanskeleg å kanta skia på denne skaren.

Mindre brutal skigåing

Han seier treskia gjer at han går annleis i naturen.

– Det spennande er at du på ein heilt annan måte blir var for korleis du kan gå i landskapet. Ofte går me skiløparar brutalt opp på ein topp, liksom utan hindringar. Her blir utfordringa å lesa landskapet, legga opp ruta, og sjå på kartet.

Hege fortel at ho likar å renna roleg ned bakkar.

– Så når Peter har desse treskia og ein tung, samisk trepulk, er me ein god match.

– Sa du samisk trepulk...?

Dei viser meg teltplassen sin rett bak nærmaste haug, og der står den. Det er ikkje berre skia til Peter som er spesielle.

– Det heiter kjerris (geres på samisk), som er ein køyrepulk. Dei er ikkje så vanlege å sjå i den norske fjellheimen. Den var vanlegvis dratt av eit reinsdyr.

Peter Helland Hansen

DESIGN GIR ENERGI: – Ein går fort eit par mil ekstra når ein har så fine skituppar å sjå på, meiner Peter Helland-Hansen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tung og vakker

Når samane var på raid ut mot kystbeita frå innlandet om våren, sat ein person i kvar køyrepulk.

– I spelefilmane «Veiviseren» og «Kautokeino-opprøret» ser du desse kjerrisane på raid. Mange reinsdyr med kvar sin pulk, seier Hege.

Sjølve pulken veg 27 kilo.

– Med telt og alt utstyret er den nok 45-50 kilo. No har eg blitt reinsdyret, seier Peter.

Pulken er stort sett av bjørk, om lag halvannan meter lang, båtforma med spiss «stavn» og ein flat «spegel» bak, som ein ryggstø. Den har nærmast ein kjølplank, fire bordgangar, og spant av bjørkeband som er dampa og bøygd. Bakspegelen har vakre smijernsbeslag som stivar farkosten skikkeleg av.

– Det er ein veldig spesiell og artig byggeteknikk. Eg har bygt to. Smijernet laga eg saman med kollega Seppe Lehembre på fartøyvernsenteret.

Men nylontelt

Peter fortel at han oppdaga ein dokumentarfilm frå 1970-talet der ein same byggjer ein kjerris. Han bygde den første då ungane var små.

– Alle våre fire har hatt turar i desse pulkane, både ein og tre om gongen. Ein veldig artig farkost. Og den lagar suverene spor i laussnøen for dei som kjem bak. Mykje finare enn maskinpreparert løype.

– Men de ligg i eit vanleg moderne fjelltelt?

– Ja, det blir neste steg å sova i iglo. Det har me faktisk gjort ganske mykje. Det er veldig moro å utforska og bli kjend med eigenskapane til både snøen, skia og pulken.

Fra filmen Kautokeino-opprøret

OPPRØR I PULK: Frå filmen «Kautokeino-opprøret», om eit religiøst-politisk opprør i 1852, då ei gruppe samar gjekk til åtak på representantar for den norske staten og drap handelsmannen og lensmannen.