Hopp til innhold

Personskade etter bråk på ungdomssenter

Naudetatane har rykka ut til Nattland i Bergen etter melding om at ein eller fleire bilar skal vere forsøkt tent på av ungdomar.

Ungdomsinstitusjon

BRÅK VED UNGDOMSSENTER: Politiet rykka ut til Nattland etter melding om bråk utanfor eit ungdomssenter.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Politi og brannvesen har rykka ut til Nattland i Bergen etter melding om at ein eller fleire bilar skal vere tent på av ungdomar.

– Klokka 17.15 fekk me ei melding frå tilsette ved Bergen ungdomssenter på Nedre Nattland om at to av bebuarane var på utsida av ungdomssenteret og forsøkte å tenne på fleire bilar, seier operasjonsleiar Erik Gjesdal i Hordaland politidistrikt.

– Då me kom til staden såg me at det var gjort store skader på bilane. Taka er bulka, alle glasrutene er knust, og ein bil er forsøkt tent på.

Brannvesenet returnerte då det synte seg å ikkje vere noko bilbrann på staden.

Ein person er sendt til Haukeland sjukehus

Ein av ungdomane har fått skader på hendene. Han blir no tatt med til Haukeland sjukehus.

Bergen Ungdomssenter er ein regional institusjon for ungdom mellom 14 og 18 år med alvorlege åtferdsvanskar. Ungdomssenteret har seks døgnplassar og seks heimebaserte.

Laster Twitter-innhold