NRK Meny
Normal

Personbil krasja inn i hage på Sotra

Ein mann er mistenkt for promillekøyring etter å ha køyrt inn i ein hage på Knapskog.

Laster kart, vennligst vent...

Klokka 04.15 fekk politiet melding om at ein personbil hadde køyrt inn i ein hage i Fjæreideveien på Sotra.

– Politiet er framme på staden, og ambulanse er på veg. Det er så langt ikkje meldt om personskade, sa operasjonsleiar Terje Erichsen til NRK like etter halv 6 i dag.

Mannen er mistenkt for å køyre i rusa tilstand, og er tatt med til legevakta for blodprøvar.

Store skader på bil og hage

Det skal ha oppstått store materielle skadar på bil og hage i Fjæreideveien på Sotra.

– Det er rive laus ei stor steinblokk, og bilen var i ei slik tilstand at den måtte tauast bort, seier operasjonsleiar Lars Geitle klokka 07.25.

Føraren av bilen skal ha treft steinblokka i hagen då bilen hamna utfor vegen.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Lars Vaular, Nordvegen, Marius Neset, Terje Isungset og Eivør underholdt tusenvis på Torgallmenningen.
Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen møtte NRKJ-leder Richard Aune.