NRK Meny
Normal

Mann (20) lettare skadd i kraftig kollisjon

Kolliderte med parkert bil i Indre Arna. Sendt til Haukeland sjukehus med lettare skader.

Personbil kolliderte med parkert bil i Indre Arna

Ein 20 år gammal mann fekk lettare skader etter å ha kollidert med ein parkert bil i Indre Arna i Bergen søndag føremiddag.

Foto: Hans-Tore Mjeldheim / 03030-tipsar

Meldinga kom inn til politiet klokka 08.54.

Ein personbil har køyrt utfor vegen og inn i ein parkert bil. Ulukka har skjedd i Indre Arna-vegen, og farten skal ha vore høg.

– Brannvesenet er på staden og melder om at det har vore ei kraftig kollisjon. Ein person er skadd men skal vera bevisst. Ingen fastklemde, seier operasjonsleiar Terje Magnussen til NRK.

Brannvesenet opplyser klokka 09.15 at den skadde personen blir frakta vekk i ambulanse. Brannmannskap er att på staden og ryddar opp.

Til sjukehus med lettare skader

Sjåføren er ein 20 år gamal mann og han vart sendt til akuttmottaket ved Haukeland sjukehus.

Klokka 10.00 opplyser Helse Bergen at mannen har sleppt unna med lettare skader etter den kraftige kollisjonen.

Førebels er det ingen mistanke om promillekøyring.

Vegen er inntil vidare stengt. Det er bestilt bilberging men det kan ta noko tid før vegen kan opna for trafikk igjen.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Husbrann på Askøy natt til tirsdag 23. januar.
Programleiar: Mariann Reikerås
Programleiar: Mariann Reikerås