NRK Meny
Normal

Person skadd i ulukke med snøskuter

Mann (68) er alvorleg skadd etter snøskuterulukke i Eidfjord.

Laster kart, vennligst vent...

ULUKKE: Ulukka har skjedd ved Maurset i Eidfjord.

Ulukka har skjedd i terrenget ved Sysenvatnet ved Maurset. Naudetatane vart varsla klokka 18.18.

Det var to personar på skuteren. Ein mann i 60-åra er bekrefta skadd og blir frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse.

Helse Bergen opplyser onsdag klokka 12 at 68-åringen er alvorleg skadd.

– Skuteren har køyrd utfor ein skråning og har deretter treft eit tre ti meter lenger nede. Passasjeren er igjen på staden og er ikkje skadd, fortel operasjonsleiar Tatiana Knappen til NRK.

Luftambulansen letta frå staden kring klokka 19.10.

Klokka 21.00 har politiet fått snakka med vitnet til ulukka. Vedkommande er ikkje fysisk skadd.

– Det blir forklart at dei var ferdige med turen og skulle til å parkere. Så har noko skjedd som gjorde at skuteren gjekk utfor skråninga, fortel operasjonsleiar Knappen.