Meldinga om trafikkulukka kom inn til naudetatane klokka 19.03 fredag kveld.
Ein bil skal ha køyrt inn i ein traktor bakfrå. Den har deretter velta. Ulukka skjedde 200 meter nord for Mannavatn på fylkesveg 47 nordaust for Sveio sentrum.
Til sjukehus med helikopter
Traktorsjåføren vart skadd i ulukka og er sendt til Stavanger universitetssjukehus med luftambulanse.
Den 54 år gamle mannen var vaken og medviten då politiet kom til ulukkesstaden.
– Han har skader i nakke og rygg, men alvorsgraden er ukjent, seier innsatsleiar Kjetil Nesbu i Sør-Vest politidistrikt til NRK.
Lørdag morgon opplyser Helse Stavanger at den 54 år gamle traktorsjåføren har fått lettare skader i ulukka.
Fråteken førarkortet
Politiet bekreftar at personbilen har køyrd inn i traktoren bakfrå. Ulukka skjedde i retning nordover mot Haukåskrysset på E39.
– Føraren av personbilen, ein mann i 40-åra, framstår som lettare skadd, fortel operasjonsleiar Victor Jensen i Sør-Vest politidistrikt.
Politiet har teke førarkortet frå sjåføren og det blir oppretta sak. I ein periode var det omkøyring på gang- og sykkelstien ved ulukkesstaden. I 20.30-tida var vegen open for fri ferdsle igjen.