Hopp til innhold

Mann i tenåra omkom i frontkollisjon på E39

TYSVÆR (NRK): Ein personbil og ein lastebil kolliderte måndag morgon på E39 nær fylkesgrensa mellom Hordaland og Rogaland. Føraren av personbilen omkom i ulukka.

Trafikkulykke på E39 i Tysvær

ULUKKE: Naudetatane har sperra av vegen ved ulukkesstaden i Tysvær kommune.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Klokka 09.12 måndag fekk politiet melding om at ein lastebil hadde kollidert med ein personbil, rett vest for Sundførvågen på Sundførvegen sør for fylkesgrensa mellom Rogaland og Hordaland.

Framme på staden melde dei om at ulukka var alvorleg.

– Det er ei alvorleg ulukke, og me er i gang med å snakka med vitne for å få ei forklaring på kva som har skjedd her. Det er skilta omkøyring, og vegen kjem til å bli stengd i lang tid, seier operasjonsleiar Jostein Reiestad i Sør-Vest politidistrikt.

Mann i tenåra omkom

I ei pressemelding måndag ettermiddag stadfester politiet at føraren av personbilen, ein mann i slutten av tenåra, døydde i ulukka. Dei pårørande er varsla. Det var ingen passasjerar i bilen.

Føraren av lastebilen vart sendt til akuttmottaket på Haugesund sjukehus, opplyser politiet. Tilstanden er ikkje kjend.

«Politiet har gjennomført flere vitneavhør for å klarlegge hendelsesforløpet. Kriminalteknikere fra politiet og ulykkegruppen til vegvesenet er nå på stedet», seier operasjonsleiar Reiestad i pressemeldinga.

haukås

Vegen stengd

Ulukka har ifølgje operasjonssentralen skjedd rundt ein kilometer sør for fylkesgrensa.

Operasjonsleiaren omtalar skadeomfanget som omfattande.

– Det er store skader på bilen. Eg kjenner ikkje til fartsgrensa på staden, men det er på E39, seier Reierstad.

Vegen er stengd mellom Våg i Tysvær og Haukås i Sveio. Politiet seier dei ikkje veit kor lenge det vil vare.

– Vi har seks dirigentar ute som leier trafikken bort frå ulukkesstaden, seier trafikkoperatør Kristian Fauskan ved Vegtrafikksentralen.

Han oppmodar bilistar som skal sørfrå mot Sveio og Bergen til å ta av frå Aksdal mot Haugesund, og kome seg inn på fv. 47 via E134.