Klokka 14.33 fekk naudetatane melding om ei mogleg paragliderulukke nedanfor Hangurstoppen på Voss. Vitne melde at ein speedgliderutøvar hadde styrta i området mellom første og andre mast under gondolbana på Voss.
– Personen blir henta ut med luftambulanse i skrivande stund. Vedkomande har vore medvitslaus, men er no vaken igjen, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt klokka 15.50.
Fekk behandling på staden
Brannvesenet sende ut mannskap på ein skogsveg for å koma fram til personen, som låg i ulendt og bratt terreng på Mølsterfjellet.
Ambulansepersonell frå luftambulansen gav vedkomande medisinsk behandling på staden, før den mannlege paraglidarutøvaren blei frakta til Haukeland sjukehus.
Hopparen skal ha gått ned i sjølve lia, utan at han var i kontakt med gondoltraseen, opplyser dagleg leiar i Voss Resort fjellheisar, Anna Bryn.
Ventar på rapport
Årsaka til ulukka er uvisst, melder politiet laurdag ettermiddag. Det blir gjort vitneavhøyr på staden. Skadeomfanget er truleg avgrensa til brotskader.
– Detaljar rundt hendingsgangen har me ikkje på noverande tidspunkt.
Sundag føremiddag er tilstanden til speedgliderutøvaren uviss. Det same er årsaka til ulukka.
Norges Luftsportforbund ventar no på at utøvaren og eventuelle vitne skriv ein rapport om hendinga.
– Det er svært sjeldan snakk om feil på teknisk utstyr i slike tilfelle. Som regel dreier det seg om menneskeleg svikt, seier Trond Nilsen i hang-, para- og speedgliderseksjonen i forbundet til NRK.
Fleire hopp på Voss laurdag
Det var gode flytilhøve på Voss laurdag, med fint vêr og lite vind.
Gondolbana stod ei stund i samband med at luftambulansen var på staden.
– Etter det eg forstår er det ikkje snakk om organisert aktivitet, men det har vore mange skjermar i lufta på Voss i dag, seier Bryn i Voss Resort fjellheiser.