Hopp til innhold

Etterforskar mistenkeleg dødsfall i Loddefjord

Krimteknikarar har gjort tekniske undersøkingar i ein blokkleilegheit i Loddefjord etter funn av ein død mann (62). Politiet ser på dødsfallet som mistenkeleg.

Pressekonferanse med olitistasjonssjef Bergen vest politistasjon, Tore Salvesen, om dødsfallet i Loddefjord.

Politistasjonssjef Tore Salvesen ved Bergen vest politistasjon informerte pressen om funnet klokka 22.00.

Hundesøk i Loddefjord

HUNDESØK: Området er sperra av, og det vert gjort søk med hund på åstaden der ein mann vart funnen død i Loddefjord.

Foto: Jon Bolstad / NRK

SISTE: Krimteknikarar gjer undersøkingar i leilegheita, og hundepatruljen er på plass. Dei har starta avhøyr av vitne. Mannen som vart funnen død er 62 år gamal.

– Me er i Loddefjord for å sjekke ein leilegheit. Me må sjekke før me går ut med noko meir, seier, sa operasjonsleiar Terje Magnussen i Hordaland politidistrikt til NRK klokka 19.10.

– Det er mogeleg snakk om vald, la han til.

– Ein mann funnen død

John Endre Skeie

UNDERSØKER: Innsatsleiar på åstaden, John Endre Skeie, seier politiet undersøker dødsfallet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Meldinga kom frå AMK klokka 19.00, og like før klokka 19.50 får NRK opplyst at ein mann er funnen død.

– Det er omstenda og alderen på personen som gjer at politiet har sett i gong åstadsundersøking, seier innsatsleiar John Endre Skeie til NRK sin reporter på staden.

Klokka 20.40 var krimteknikarar på staden og knappe ti minutt seinare var hundepatruljen på plass. Politiet utvida sperringane og bad pressekorpset trekke seg unna.

Blodspor i gangen

Krimteknikarar på plass i Loddefjord

FUNNEN DØD: I Loddefjord er ein mann funnen død. Krimteknikarar er på plass på åstaden.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ved inngangspartiet var det spor etter blod, men politiet ville ikkje kommentere om desse er knytt til dødsfallet.

– Me er tidleg i etterforskinga, og me har tekniske undersøkingar på staden no, seier politistasjonssjef Bergen vest politistasjon, Tore Salvesen.

– Me har starta vitneavhøyr, og me kjem til å starte rundspørjing i området her. Me har hundesøk på utsida.

Det har vore lege på staden som har gjort overflatiske undersøkingar, men tidspunktet for dødsfallet er ikkje klart. Mannen er 62 år gamal.

Etterforskar breitt

Funn på staden gjer at politiet ser på dødsfallet som mistenkeleg.

Politiet har sikra DNA-prøve frå blod i området, men politiet har ikkje oversikt om blodet har samanheng med dødsfallet. Sperringane til politiet vert stadig utvida.

– Me gjer det for å sikre området i størst mogeleg grad, i håp om å finne spor som kan gi oss svar på kva som kan ha skjedd, seier Salvesen.

– Me etterforskar veldig breitt, og me avhøyrer fleire personar, seier Salvesen.

Hundar markerte

– Er personane som bli avhøyrt kjenningar av politiet?

– Det kan eg ikkje kommentere, seier Salvesen.

På eit busstopp på motsett side i Vadmyravegen markerte politihundar i terrenget. Krimteknikarar var raskt på plass for å sikre spor. Ein buss vart også stoppa og politiet snakka med bussjåføren.

SJÅ VIDEO:

Mann funnen død i Loddefjord

DØD: Ein mann er funnen død i Vadmyrveien i Loddefjord.

Mann funnen død i Loddefjord