NRK Meny
Normal

Eldre mann vart funnen død i sjøen - båten låg på rek

Ein mann i slutten av sekstiåra vart funnen død i sjøen ved båthamna i Ålvik i ettermiddag. Båten hans låg på rek og det vart funne restar av tau i propellen. – Vi antar at det har skjedd ei ulykke, seier operasjonsleiar Morten Kronen.

Ved båthamna i Ålvik

I SJØEN: Personen vart funnen livlaus i sjøen ved båthamna i Ålvik.

Foto: Sigbjørn Linga / Hordaland Folkeblad

Mannen som vart funnen død i Hardangerfjorden ved Ålvik er ein mann i slutten av sekstiåra og som er busett i området.

– Vi fekk melding frå AMK om at ein person var observert i sjøen ved båthamna i Ålvik. Personen vart funnen i vatnet med ryggen opp, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt Morten Kronen.

Politiet fekk melding om observasjonen frå AMK klokka 16:40. Ein forbipasserande hadde kasta seg i sjøen og fått tak i vedkommande. Det vart starta med livreddande førstehjelp med ein gong.

– Personen vart erklært død på staden av ambulansepersonell klokka 17:07, seier Kronen.

Politiet har funne båten til den avdøde. Den låg med motoren i oppvippa stilling og det vart funnen tau-restar i propellen.

– Det ser ut som at han kan ha prøvd å fjerna tauet i propellen, så vi ser på dette som ei ulykke, seier Kronen.

Eit vitne såg også mannen i båten sin før ulykka.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik