Hopp til innhold

Permitteringsvarsel i Løv-Ham

Både spelarar og trenarar i klubben har fått varsel.

Erlend Storesund mot Fredrikstad i kvalifisering

Erlend Storesund og dei andre a-lagsspelarane har fått permitteringsvarsel. Dette biletet er frå kvalifiseringskampen mot Fredrikstad i 2010.

Foto: Solum, Stian Lysberg / Scanpix

Alle som har fått permitteringsvarsel er knytt til Løv-Ham sitt a-lag.

Klubben skriv i ei pressemelding at årsaka til varselet er at dei gjer tiltak for at klubben skal unngå konkurs.

Løv-Ham jobbar med å finna løysingar på økonomiske utfordringar, men viss dei ikkje greier dette innan 1. august vil dei måtta trekka laget frå Adeccoligaen, melder styremedlem Frank Almenningen i Løv-Ham.

Stort underskot i fjor

Løv-Ham fekk i fjor eit underskot på tre millionar kroner.

– Me har slite med å ta igjen dette. Hittil i år har me gått ca. i null, men me har framleis etterslepet frå i fjor, seier Frank Almenningen til NRK.

– Korleis har dei som har fått varsel reagert?

– Me har hatt ein nær dialog med laget, så det kom ikkje som ei overrasking på dei. Dei er sjølvsagt lei seg, men dei ser at klubben må komma først. Me har også fleire barne- og ungdomslag i klubben, seier Almenningen.

Er i forhandlingar

Klubben jobbar no med gjeldsforhandlingar med kreditorar og å få inn frisk kapital.

– Gjeldsforhandlingane byrjar å gi resultat. Me har også vore i kontakt med store bedrifter i Bergen og ventar på tilbakemelding frå dei, seier Frank Almenningen.