NRK Meny
Normal

Pepperkakedrama går til scenen

"Reality-drama" om fjorårets mest omtalte pepperkakeby-knusar klar for Bergens teaterpublikum.

Julestemning i Pepperkakebyen
Foto: Anders Ekanger

Søstrene Sukkertopp med banjo
Foto: NRK / NRK

"Mysteriet om pepperkakebyen" er namnet på storsatsinga frå Kulturoperatørene, der heile handlinga føregår inne i pepperkekebyen - og alle karakterane er pepperkakefolk. Målet er å byggja opp ein førestelling som kan bli ein fin juletradisjon for familiar i Bergen og regionen omkring, seier irene Ahnell, som er skodespelar og manusforfattar - her saman med motspelar Yvonne Algerøy.

Evig dårleg samvit?

For stakkaren som var skuldig i hærverket mot pepperkakebyen i fjor, tyder stykket at samvitet nok ikkje blir letta med det første. Målet om å gjera oppsetninga om til ein årviss tradisjon, sikrar at historia om den unge mannen som gjekk laus på kakebyen lever i mange år framover, seier dei to pepperkakedamene Søstrene Sukkertopp.

Søstrene Sukkertopp
Foto: NRK / NRK

Reality med ein vri

Uten år røpa for mykje, kan NRK avsløra at dei vi møter på scenen er pepperkakefolket, som førebur den store førjulsbyfesten på torget i byen midt i desember. Det er dekka med langbord, alt er klart, og alle gler seg veldig. Men når dagen kjem, er alt øydelagt og rota til, og pepperkaketreet knust. Derifrå ballar det raskt på seg, byfolket rasar og politiinspektør NonStop startar ei desperat jakt på den skuldige. Men alt er ikkje som pepperkakefolket trur - svaret på mysteriet er det til slutt tjuagutten Tusseladden som avdekkar.

Mulke-Monsen, grinebitar av hanseatisk avstamming
Foto: NRK / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.