Hopp til innhold

– Eg blir nok å sjå i bakarklede sjølv om eg skal vera ordførar

Bakaren er så populær at over halvparten av innbyggjarane i bygda stemte Høgre.

Peder Sjo Slettebø

ANDRE BOLLAR: Det blei Høgre som fekk ordføraren i Kvinnherad, og det betyr at Peder Sjo Slettebø, også kalla Peder Bakar, overtek vervet.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Vallogo

Og no må han leggje bakaryrket på vent. Etter nokre timars forhandlingar tysdag kveld blei det klart at det var Peder Bakar som skulle få ny jobb øvst i Kvinnherad kommune. Peder som eigentleg heiter Sjo Slettebø til etternamn, frå Høgre, var blitt einige med Venstre, KrF og Senterpartiet om eit samarbeid.

– Det var ikkje soleklart at det var eg som skulle bli ordførar. Men etter vårt syn var det det veljarane sa, seier Sjo Slettebø til NRK.

HØYR RADIOREPORTASJEN HER:

Bakaren må dermed ut av bakeridrifta, og inn bak eit svært skrivebord i rådhuset.

– Eg har sagt at eg godt kan vera med og hjelpa til i bakeriet inni mellom. Og det blir sikkert til at eg køyrer brødbilen av og til. Så eg blir nok å sjå i bakarklede sjølv om eg skal vera ordførar, seier han.

Høgre i Kvinnherad gjekk mot straumen og fekk eit mandat meir i kommunestyret. Partiet er det klart største med ei oppslutnad på 34,9. På Halsnøy der Peder Sjo Slettebø driv bakeri fekk partiet heile 56,7 prosent av stemmene.

– Eg har nok ikkje heilt tatt det innover meg enno. No har det gått i eitt sidan valkvelden, og eg har ikkje fått tenkt gjennom kva som eigentleg har skjedd, seier han.

– Vil merka at vi er meir positive

Politikken har han derimot heilt klart for seg. Sjo Slettebø meiner han skal overgå forgjengarane sine i optimisme frå rådhuset i Rosendal.

– Innbyggjarane vil merka ei kommuneleiing som er meir optimistisk og positiv. Eg meiner dei som har styrt dei siste fire åra har vore for opptekne av problema i staden for å sjå moglegheitene, slår han fast.