Hopp til innhold

Pass på dette når du trenar i varmen

I det rekordvarme julivêret, bør ein passe litt ekstra på når ein trenar ute. – Ein kan ikkje forvente at ein skal klare det same i 25 grader som i 10 grader, seier overlege, Guttorm Brattebø.

Å trene i varmen er ikkje farleg. Men nokre ting bør ein passe på.

– LYTT TIL KROPPEN: Å trene når temperaturen kryp opp mot 30 grader er ikkje farleg dersom du er frisk, men nokre ting bør ein passe ekstra godt på.

– Det er slitsamt dersom ein køyrer full gass oppover no, seier Philip Vang.

Philip Vang

TRENAR I VARMEN: Philip Vang er på veg opp dei vel 800 trappetrinna til Stoltzekleiven i Bergen. – Det er slitsamt i varmen, seier han.

Foto: Tale Hauso / NRK

Temperaturen har bikka 25 grader, og han er på veg opp dei vidgjetne trappetrinna til Stoltzekleiven i Bergen.

Heile Sør–Noreg nyt no ein rekordvarm julimånad av dei sjeldne. Men er du som Vang ute på trening i varmen, må du passe litt ekstra på.

– Blir kroppen for varm kan ein føle seg veldig slapp. Ein kan kjenne at det går treigare og treigare, og at ein ikkje har det noko bra lenger, seier avdelingsoverlege ved AMK Bergen, Guttorm Brattebø.

– I verste fall kan du få heteslag. Ein kan òg få kramper og miste bevisstheiten, seier legen som understrekar at det ikkje er farleg å trene når det er varmt så lenge ein kjenner på kroppen og passar litt på.

LES OGSÅ: Slik skal England takle VM-varmen - Fotball

Hugs dette før trening i varmen

Guttorm Brattebø

PASS PÅ I VARMEN: – I verste fall kan du få heteslag. Ein kan òg få kramper og miste bevisstheiten, seier overlege ved AMK-sentralen i Bergen, Guttorm Brattebø.

Foto: Tale Hauso / NRK

Når det er varmt vil kroppen ha større problem med å kvitte seg med varmen, fortel Brattebø.

– Når temperaturen ligg på mellom 25 og 30 grader så er det slik at kroppen kjem til å sveitte mykje meir enn det som er vanleg. Då må ein passe på å få i seg nok væske.

– Drikk godt i timane før du går ut og trenar. Held ein på ein times tid i varmen, så kan kroppen trenge opp mot fleire liter ekstra væske. Kroppen treng etter kvart også energi i varmen, og å drikke saft eller anna drikke med sukker i kan vere bra.

Å kle seg i lyse, luftige kle kan også hjelpe deg tole og bli kvitt varmen betre, seier Brattebø.

– Gravide bør vere forsiktige i varmen

Dei fleste toler godt å trene i varmen, seier Brattebø, men er du gravid eller har hjarteproblem bør ein passe litt på.

– Hjarte- og karsystemet hos dei som har hjarteproblem er under litt belastning i utgangspunktet, så dei må vere litt meir forsiktige.

– Sykling og svømming kjøler ned kroppen

– Å sykle eller svømme kan vere eit bra alternativ. Det kjøler kroppen ned. Ein kan også legge treninga til tidleg på morgonen eller ettermiddagen då temperaturen er lågare.

Guttorm Brattebø, overlege ved AMK-sentralen i Bergen

For folk flest kan det også vere greitt å skru ned forventningane til eigne prestasjonar når dei trenar i varmen.

– Ikkje forvent at du skal klare det same når det er 25 grader som når det er 18 grader, seier Brattebø. Ein må heller ikkje gjere same intervalltreninga når det er 30 grader som når det er 10 grader ute.

– Å sykle eller svømme kan vere eit bra alternativ, for det kjøler kroppen litt ned. Ein kan også legge treninga til tidleg på morgonen eller ettermiddagen då temperaturen er meir behageleg.

– I sydlegare strøk tek folk det litt med ro midt på dagen når det er som varmast. Det kan kanskje folk gjere her og, seier Brattebø.

Astrid Dalberg

DRIKK NOK: Astrid Dalberg fyller på med vatn på treningssturen i varmen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Sprekare av å trene i varmen?

Om det stemmer at ein blir i god form av å trene i varmen, kan ikkje Brattebø svare sikkert på.

– Det er ikkje godt å seie. Eg trur du må ha trent i varmen over tid.

– Men det er kanskje ikkje tilfeldig at dei beste langdistanseløparane i verda kjem frå Kenya eller frå deler av verda der det er varmare enn hos oss. Dei er nok vant med å trene og halde på med uthaldsidrett når det er varmt, seier overlegen.

LES OGSÅ: Trening i kulda - NRK - Livsstil