NRK Meny
Normal

Pasientar rasar ned i vekt

Ernæringsekspert ropar varsku om underernærte pasientar på norske sjukehus. – Det er veldig alvorleg og oppsiktsvekkande.

Illustrasjonsbilde: En pasient som ligger i en sykehusseng.

RASAR NED I VEKT: Pasientar i alle aldrar rasar ned i vekt på norske sjukehus viser forsking i Bergen.

Foto: MEEK, TORE / NTB SCANPIX

– Vi har alltid visst at eldre er særleg utsett, men mitt doktorgradsarbeid viser at det faktisk er høg førekomst av ernæringsmessig risiko i alle aldrar og i nesten alle sjukdomskategoriane, seier ernæringsfysiolog Randi Tangvik.

Ho har jobba som klinisk ernæringsfysiolog på Haukeland sjukehus sidan 1991, og har forska på kor mange pasientar som går ned i vekt under sjukehusopphaldet.

Tangvik meiner at resultatet er oppsiktsvekkjande, for forskinga i Bergen viser nemleg at pasientar i alle aldrar rasar ned i vekt på norske sjukehus.

Randi Julie Tangvik

FORSKA: Randi Tangvik, klinisk ernæringsfysiolog på Haukeland sjukehus, har forska på kor mange pasientar som går ned i vekt under sjukehusopphaldet.

Foto: Helse Bergen

– 30 prosent i fare

Til saman har 3279 pasientar på Haukeland sjukehus blitt ernæringsregistrert i doktorgradsarbeidet til Tangvik. Resultatet viser at 952 personar er i ernæringsmessig risiko, og 630 av desse har allereie tapt vekt.

Dette tyder at heile 30 prosent av pasientane på sjukehuset er i fare for å gå for mykje ned i vekt.

– Veldig alvorleg

For fleire er vekttapet dramatisk, og desse pasientane har nesten fem gonger høgare døyelegheit, og er dobbelt så lenge innlagt.

– Det er veldig alvorleg, og det er veldig oppsiktsvekkande at vi ikkje klarer å ta hand om ernæringstilstand til pasientane og sjuke folk, seier Tangvik.

– Kvifor blir dei ikkje fanga opp på sjukehusa?

– Sjukehusa skal jo ha rutinar for å kartleggje alle pasientane, men i ein travel sjukehus kvardag så er det ofte glipp, seier Tangvik.

Rutinane skal bli betre

– Dei treng mat, og når pasientane er sjuke så kan vi ikkje sluntre med å følgje opp ernæringa, seier direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland.

Haukeland sjukehus har jobba med problemet i mange år, men no skal rutinane bli betre.

– Vi har framleis eit stykke å gå med å følgje med på vekta undervegs i opphaldet og etterpå. Her er det ein heil del som står att før det er godt nok, seier Kvinnsland.

– Kva kan ein spare noko på dette om ein betre oppfølginga?

– Ja, det er mykje. Liggjetida går vesentleg opp når dei er underernært, så om dette talet går ned vil liggjetida og gå ned, seier Kvinnsland.

– Ikkje godt nok fokus

– Det er ikkje eit godt nok fokus på underernæring og det blir ikkje tatt på alvor, seier pasientombod Rune Skjælaaen.

Han meiner sjukehusa må vurdere risikoen for underernæring når pasientane blir lagt inn.

– Personar som ikkje får i seg nok næring, er meir utsett for sjukdommar og må liggje lenger på sjukehuset. Så det er kjempeviktig å skjerpe rutinane, seier Skjælaaen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.