Hopp til innhold

Pasient isolert etter bakteriefunn

Haukeland universitetssjukehus kan ha oppdaga eit nytt tilfelle av ein antibiotikaresistent bakterie hjå ein pasient på Brannskadeavdelinga.

Haukeland fra luften

BAKTERIE: Haukeland universitetssjukehus påviste multiresistent bakterie hjå fire pasientar i juni 2016. No kan dei ha oppdaga eitt tilfelle til.

Foto: NRK

Det er Helse Bergen som torsdag melder om at dei kan funne eit nytt tilfelle av multiresistent bakterie på ein pasient innlagd hjå dei.

Det er snakk om bakterietypen Acinetobacter som er funne i ein bakterieprøve frå eit sår hjå ein pasient på Brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.

Motstandsdyktig mot fleire antibiotika

Det er same type multiresistente bakterie som vart funnen på fire pasientar på same avdeling i juni 2016.

– Dette var ein rutineprøve. Vi har sendt bakterieprøven til Tromsø og ventar svar på måndag, fortel smittevernoverlege Dorthea Hagen Oma til NRK.

Bakterietypen Acinetobacter er ei kjent årsak til sjukehusinfeksjonar hjå pasientar som er mottakelege for det, men gir nesten aldri infeksjonar hjå friske.

Men bakterien er motstandsdyktig mot ei rekke ulike antibiotika, og det gjer at infeksjonar med denne typen kan vera vanskeleg å behandla.

Isolert

Sjukehuset har sett i verk smitteverntiltak etter funnet.

Den nye pasienten er isolert på avdelinga, som heller ikkje tek inn nye pasientar. Pasientar som treng brannskadebehandling får det på intensivavdelinga i staden, til situasjonen er avklara.

– Fordi brannskadepasientar er ei særskild sårbar gruppe for å få infeksjonar med denne bakterien, er tiltaka strenge for å hindre vidare smittespreiing.

Ikkje uventa

To av dei fire pasientane som fekk påvist ein multiresistent variant av bakterien Acinetobacter baumannii i juni, er framleis innlagde på Brannskadeavdelinga.

Oma seier det ikkje er uventa at bakterien dukkar opp att hjå ein ny pasient.

– Ser ein på liknande utbrot ved andre brannskadeavdelingar, førekjem dette stadig. Dette er ein internasjonalt kjent problembakterie for brannskadepasientar. Førekomsten av denne typen bakterie aukar berre, og vi vil sjå kanskje fleire tilfelle med alvorlege sjuke pasientar med antibiotikaresistente bakteriar.

Smittevernoverlegen presiserer at bakterietypen det no er snakk om, ikkje er den same som i saka NRK omtalte tidlegare denne veka.