Partitopp melder seg ut av MDG – kritisk til retning i verdispørsmål

Fylkespolitikar Tom Sverre Tomren vert KrF-politikar. Men fylkesleiaren i Hordaland avviser at det er uro i MDG.

Tom Sverre Tomren

SØRGMODIG: – Det er både naudsynt og riktig for meg å forlate MDG no, seier Tom Sverre Tomren.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fylkespolitikar Tom Sverre Tomren melder seg ut av Miljøpartiet Dei Grøne. Årsaka er at han det siste året har kome på kant med partiet i fleire verdispørsmål.

– Det er sørgmodig. Eg har investert ti år for å vere med å byggje opp partiet, men det er både naudsynt og riktig for meg å gjere dette no, seier Tomren, som har vore ein sentral skikkelse i oppbygginga av MDG i Hordaland.

Tomren si utmelding er den siste i ei lang rekke utmeldingar frå partiet den siste tida.

Seinast i mars i år melde fire lokalpolitikarar i Hordaland seg ut. Få dagar seinare braut MGD sin tidlegare partisekretær med partiet.

Kritisk til «teknologioptimistar»

Fylkesleiar i MDG i Hordaland, Natalia Golis, synest det er trist å miste Tomren, men avviser at partiet er i ferd med å gå i oppløysing.

– Vi har hatt enorm vekst sidan han vart med, men respekterer at han no vil fronte sine kristne verdiar. Det er naturleg at enkeltpolitikarar forsvinn på denne måten, så eg er ikkje uroa for det, seier ho.

Tomren, som til dagleg jobbar som prest, har vore kommunepolitikar, fylkespolitikar og stortingskandidat for MDG.

Auken av det han kallar teknologioptimistar i partiet, det vil seie folk som trur at miljøproblema kan løysast gjennom å finne opp nye ting, er ei av årsakene til at Tomren takkar for seg.

– Eg har større tru på at vi må endre livsstil, men eg ser at MDG har ein del meiningar som eg ikkje identifiserer meg med lenger. Partiet vart samla rundt miljøaspektet, men menneskesynet er forskjellig, fortel han.

Tilbakeviser verdikritikk

Han fortel at avgjerda ikkje har vore lett.

– Prosessen har vore smertefull, og det er med sorg at eg forlèt eit parti som har blitt ein stor del av min identitet.

Fylkesleiar Golis kjenner seg ikkje att i beskrivinga til Tomren.

Natalia Golis, MDG

UEINIG: Fylkesleiar Natalia Golis i Hordaland MDG tilbakeviser kritikken frå Tomren.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Vi er eit progressivt parti og heiar på teknologiske løysingar som trengst for å løysa klimakrisa. Men vi er fortsatt det einaste partiet som seier nei til at vi heile tida skal produsere meir for å kjøpe meir og kaste meir. Dette er i høgste grad verdibasert, seier Golis.

MDG-profil i Bergen på veg ut

Dag Sele

GLAD: Fylkesleiar i KrF, Dag Sele, sett pris på å få Tom Sverre Tomren med på laget.

Foto: Elise Angell / NRK

Fram til neste val vil Tom Sverre Tomren, som er fast representant i fylkesutvalet, vere ein del av Kristeleg folkeparti si gruppe i fylkestinget i Hordaland. Det sett fylkesleiar i KrF, Dag Sele, stor pris på.

– Det er heilt klart ei styrke for oss å få han med på laget. KrF har god miljøpolitikk, men eg trur vi kan bli betre med hjelp frå Tomren, seier han.

Og Tomren er ikkje den einaste som forlèt partiet i desse dagar. Også gruppeleiar for MDG i Bergen bystyre, Sondre Båtstrand, vel å takka for seg. Han blir sitjande ut perioden, men tek ikkje attval.

– Teknologioptimismen gjer det ikkje vanskelegare å forlate partiet. Det har blitt for mykje fokus på teknologi og for lite på verdiar, meiner han.

Sondre Båtstrand

FERDIG MED POLITIKK: Også bystyrerepresentant for MDG i Bergen, Sondre Båtstrand, fortel at han ikkje kjem til å halde fram.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Tomren håpar på si side å halde fram med å kjempe for klima og miljø.

– Eg vil prøve å realisere så mange av MDG sine miljøsaker som mogleg via KrF. Eg trur eg kan bidra med mykje, samstundes som eg vil utfordre Knut Arild Hareide på miljøtematikken.

NRK har vore i kontakt med nasjonal talsperson Arild Hermstad for kommentar. Hermstad, som var Hordalands førstekandidat til stortingsvalet i fjor, har ferie og viser til partisekretær Lars Gaupset for kommentar. Gaupset viser vidare til fylkesleiar Golis.