Hopp til innhold

Partifellar hardt ut mot Unge Venstre-leiar etter abortforslag

Leiaren i Unge Venstre vil ha fri abort til veke 24. – Spinnvilt og for ekstremt, svarar partitoppar i Hordaland.

Agnes Bernes, leder av Hordaland Unge Venstre

REAGERER: Fylkesleiar i Hordaland Unge Venstre, Agnes Bernes, seier abortforslaget frå Unge Venstre-leiaren ikkje vil få støtte i partiet.

Foto: Pressefoto / Unge Venstre

Det var i avisa Vårt Land at Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark tok til ordet for å utvide dagens grense for sjølvbestemt abort frå tolv til 24 veker.

Hansmark tek sikte på å løfte abortspørsmålet på Venstres landsmøte våren 2019, og seier at han har stor tru på støtte i organisasjonen.

Så langt har han stort sett fått kritikk for utspelet og no går også eigne partifellar hardt ut mot leiaren sin.

– Det er spinnvilt å ville tillata fri abort på levedyktige fostre. Forslaget er over streken og for ekstremt. Eg er overbevist om at forslaget kjem til å møta stor motstand på landsmøtet til Unge Venstre i oktober, seier August Simonsen, som er leiar av Bergen Unge Venstre.

Unge Venstre ønsker å utvide grensen for selvbestemt abort fra 12 til 24 uker.

VIL UTVIDE: Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark vil utvide grensa for sjølvbestemt abort.

– Feil kamp

Også leiaren av Hordaland Unge Venstre, i heimfylket til Hansmark, er kritisk til utspelet.

Til NRK seier Agnes Hoshovde Bernes at Hansmark vel seg feil kamp og at dei heller bør arbeide for det partiet allereie har vedteke.

– Vi bør arbeide for å fjerne nemndene, flytte grensa til sjølvbestemt abort til veke 18, samt kjempe for kvinners rett til lovleg abort i andre delar av verda, seier fylkesleiaren.

Ho legg til at det ikkje bør vera eit liberalt mål om å ha verdas lengste periode for sjølvbestemt abort. Både Simonsen og Bernes viser til at barn kan overleva prematur fødsel så tidleg som i veke 22 eller 23.

– Då er det rett og slett for seint å tillata abort. Ei grense må gå betydeleg før, seier Simonsen.

August Simonsen, leder av Bergen Unge Venstre

– FOR EKSTREMT: Meiner leiar av Bergen Unge Venstre, August Simonsen.

Foto: Pressefoto / Unge Venstre

Ønskjer kritikken velkommen

Nestleiar Kjell Ingolf Ropstad i KrF sa til NRK i går at han tykkjer utspelet frå Hansmark i Unge Venstre var skremmande.

– Her blir alle etiske refleksjonar gløymd og ei mekanisk grense blir sett.

Unge Venstre-leiaren viser til land som Storbritannia og Nederland, som har abortgrenser på høvesvis veke 24 og veke 21. Han viser til at dei fleste abortar blir gjennomført tidleg og meiner det framleis vil vera slik, sjølv om ein utvidar grensene.

Til NRK sundag seier Sondre Hansmark at han ønskjer kritikken frå partifellane sine velkomen.

– Det er ikkje sikkert eg får gjennomslag for dette, men eg meiner det er riktig å ta debatten om når ein skal setje den absolutte grensa.

Forslaget hans skal opp på Unge Venstre sitt landsmøte 26.–28. oktober.

– Eg trur Hansmark har gått hardt ut, og kanskje lenger enn han eigentleg meiner, for å få starta ein debatt, seier Simonsen i Bergen Unge Venstre.

– Det er ikkje riktig at eg tar i meir enn eg eigentleg vil. Eg står bak forslaget mitt og ser fram til ein interessant debatt på landsmøtet, avsluttar Hansmark.