Hopp til innhold

Pårørande på Voss: – Dette er veldig tungt

BØMOEN (NRK): Over 20 personar er onsdag samla på flyplassen på Bømoen. Like før klokka halv eitt fekk dei beskjeden dei hadde frykta: Venene var funne omkomne i mikroflyet.

Terje Sandvik

SAMLA: Terje Sandvik er operativ leiar i klubben som dei to flygarane var medlem i. Han møtte vener, pårørande og andre i flysportmiljøet på Bømoen i dag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Pårørande samla på Bømoen

SAMLA I SORGA: Her på Bømoen var eit tjuetals pårørande og vener samla då beskjeden kom om at to personar var funne døde i flyvraket i fjellet på Voss.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Den triste beskjeden nådde flymiljøet og dei pårørande då politiet klokka 12.15 gjekk ut med at det var funne to omkomne personar inne i mikroflyet som styrta i Stora Volavatnet måndag.

Dei to mennene har vore sakna sidan tysdag då dei ikkje kom på arbeid.

– Dette er veldig tungt, seier operativ leiar Terje Sandvik i Hardanger flyklubb.

Tysdag ettermiddag fann leitemannskap flyet på Store Volavatnet i Vossafjella, nokre kilometer nord for Voss sentrum. Sidan cockpiten hadde grave seg ned i snø og is og leitemannskapa ikkje hadde naudsynt utstyr, vart berginga av dei to personane utsett til onsdag.

Skal undersøka flyet

Litt før klokka 13.00 landar eit kvitt lite fly på flystripa. Flyet kjem frå Stavanger. Det er Tormod Veiby, som representerer havarigruppa i mikroflyseksjonen i Norges Flysportforbund.

Han er kome for å hjelpe politiet i arbeidet med å finna ut kva som gjekk gale måndag.

Tormod Veiby

EKSPERT: Tormod Veiby er ein av dei fremst granskarane på mikroflyulukker i Noreg. Han skal no hjelpe politiet med gransking av ulukka på Voss.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Eg kan gi råd om desse fartøya til politiet. No skal eg kopla meg opp mot politiet og høyre kva behov dei har og kor langt dei er kome i prosessen. Så får vi sjå om dei treng mi praktiske og faglege bistand, seier Veiby til NRK.

Han forklarar at det ikkje er ferdskrivarar eller anna som kan hjelpe dei med å forklare kva som skjedde med flyet.

– Men me vil undersøka maskina og ei slik undersøking kan fortelje oss ein heil del og gi indikasjonar. Me jobbar ikkje ut ifrå noko hypotese no, seier Veiby og dreg i møte med politiet i Voss sentrum.

Tek vare på kvarandre

Utover dagen er fleire kome til på flyplassen på Bømoen. Kring tjue personar er samla i sorga for gje trøyst, prate saman og støtte kvarandre. Nokre av dei næraste pårørande har kome, samt vener og folk tilknytt flymiljøet på Voss.

Nokre har sett seg ned på plenen for å snakka saman. Det vert delt ut klemmar og trøystande ord. Tragedien har ramma den vesle flyklubben tungt.

– Vi har ikkje noko organisert no, dei som vil samlast her, seier Sandvik i Hardanger Flyklubb.

Sjå lensmann Ivar Hellene fortelje om funnet dei gjorde i flyvraket i dag:

Lensmann Ivar Hellene på Voss snakker om hva politiet fant da de gravde seg frem til cockpiten i dag.

VIDEO: Lensmann Ivar Hellene om funnet i fjellet på Voss.