NRK Meny
Normal

Parkerar i hardangersaumen

To nederlendarar gav nasjonalromantikken i Hardanger ein ny vri.

Dei nederlandske kunstnarane Sjaak Langenberg og Rosè de Beer har gjennom to opphald i industribygda Ålvik i Hardanger, gitt nasjonalromantikken nye motiv.

Dei to jobbar med kunst i offentlege rom, og i Hardanger har dei leika seg med dei kjente motiva frå fjorden. På postkort med motiv mange har sett på den måten før, har dei manipulert inn forslaga dei har til kunstverk i landskapet.

For fjord og fjell er på mange måtar sjølve biletet på Noreg, men det fins og tung industri i området. I kunsten sin set Langenberg og Rosè både dette og møtet mellom nasjonalromantikk og industri på spissen.

Hardangersaum passar til parkeringsplass

I det siste prosjektet har paret teke hardangersaumen til parkeringsplassen, og dette prosjektet er allereie realisert.

– Då me kom rett før 17. mai i fjor, var det jo dette mønsteret me såg overalt. Me lagar kunst til offentlege rom, og mønsteret passar jo veldig godt til det, seier Langenberg.

Kunstnarduoen er på sitt andre opphald som gjestekunstnarar på Kunsthuset Messen i Ålvik i Hardanger, og jobbar stort sett med kunst der dei er. I heimlandet Nederland har dei òg laga kunst i offentlege rom.

Vert permanent

Prosjektet er framleis eit prøveprosjekt, og det er klistermerker som er brukt til å lage mønsteret utanfor kunstnarhuset Messen i Ålvik.

– Me har fått bestilling frå Hardanger Folkemuseum i Utne, så der vil parkeringsplassen få eit permanent mønster frå neste sommar av, seier Langenberg.

For å få det til å skje, må museet skaffe seg midler til dei nye parkeringsplassane. Målet er å få plass permanente bunadsmønster på asfalten i løpet av 2013.

Bunadsparkering

Det enkle er ofte det beste: Designen er ikkje prangande, men passar veldig godt til ein parkeringsplass, meiner kunstnarane.

Foto: Sjaak Langenberg

Vil pynte meir

Kunstnarane håpar å utvikle prosjektet vidare, og vil ha dei litt alternative skiljelinjene på parkeringsplassar i heile regionen.

Hardanger har dei siste åra utvikla eit større internasjonalt kunstnarmiljø. I fleire små bygder langs fjorden, er det etablert kunstnarbustader og galleri som lokkar kunstnarar frå både inn- og utland.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik