Par tiltalt for overgrep og vald

Statsadvokaten har tatt ut tiltale mot eit foreldrepar for valdtekt og mishandling mot eigne barn i ein kommune i Hordaland. Faren er mellom anna tiltalt for gjentekne valdtekter mot si eiga dotter, då ho var under ti år. Mora er tiltalt for vald og mishandling av fleire av paret sine barn. Begge blir i dag framstilt for fengsling i Bergen tingrett, der påtalemakta vil fengsle dei i åtte veker, fordi dei fryktar dei skal forlate landet på grunn av tiltalen.