Hopp til innhold

Pakkar ikkje lenkene vekk enno

Ulvik-ordførar Mona Hellesnes hadde håpa på utsetjing av heile kraftlinjetraseen.

Mona Hellesnes
Foto: Ole Morten Melgård

Femten politikarar frå Hordaland deltok i dag på eit møte med statsministeren. Det blei informert om at det vil bli ein uavhengig gjennomgang av sjøkabel-alternativet i Hardangerfjorden.

– Me har kome eit stykke på veg. Me kan pusta litt og så skal me i gang med å gjera ein jobb i forhold til å bidra til utgreiinga som no skal skje fram til 1. februar, seier Mona Hellesnes (V).

– Eg hadde ønskt ei utsetjing av heile traseen. Eg ønskte meg også ei breidare utgreiing og vil ha som mål at me no får lagt inn fleire element enn ei reint teknisk utgreiing av sjøkabel-alternativet. Det er fleire ting me må ta med oss vidare, men det var absolutt eit positivt møte i dag, seier Hellesnes.

Håpar å kunne pakka vekk lenkene

Venstre-ordføraren i Ulvik har tidlegare sagt at viss det blir vedtatt å bygga ei slik linje så skal ho sitta fremst i lenkegjengen.

– Trur du at du kan pakka vekk lenkene for godt nå?

– Det synest eg det er litt for tidleg å svara på, men eg håpar verkeleg det, seier Hellesnes.

LES OGSÅ: Føler seg framleis svikta av partiet

– Ein nøgd gjeng som reiser heim

Monica Mæland

Byrådsleiar Monica Mæland

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Monica Mæland, byrådsleiar i Bergen, deltok også på møtet med statsministeren.

– Eg oppfattar at det er ein nøgd gjeng som i dag vender nasen heim til Hordaland. Me kom vel så langt som me kunne håpa på i dag, nemleg at me får ein ny og uavhengig gjennomgang av sjøkabelalternativet, seier Monica Mæland som er byrådsleiar i Bergen.

– Regjeringa har også sagt at dei vil iversetta arbeidet som planlagd, men då berre på dei delane av traseen som uansett skal ha luftspenn, seier Mæland.

Les også: Det blir uavhengig gjennomgang

– Time-out

Ho er spent på kva som skjer neste år.

– Dette er ein time-out som me treng. 1. februar neste år vil det truleg stå eit nytt slag, men den tid den sorg, seier Mæland.

– Kor realistisk trur du det er at ein endar opp med sjøkabel?

– Regjeringa har bevegd seg langt i dag når dei sett ned eit uavhengig utval for å sjå på sjøkabel-alternativet. Eg oppfattar at det er ein måte å utsetta ei vanskeleg sak på, men også for å få argumentet til eventuelt å snu. Eg vel å vera optimist og positiv, men så får me sjå kva dette utvalet landar på, seier Mæland.

Vil avventa

– Vil de nå avblåsa protest-aksjonen mot denne kraftlinja?

– Eg skal ikkje svara for kva kvar enkelt vil gjera, men frå Bergen si side vil me avventa den uavhengige vurderinga som kjem.

Les også: Disse vil Stoltenberg snakke med