Hopp til innhold

Frykta plantesjukdom spreier seg med stor fart

Den frykta plantesjukdommen pærebrann spreier seg med stor fart i Nordhordland. – Eg tykkjer Mattilsynet er for defensive. At dei ikkje har midlar til å setje inn nødvendige tiltak er for svakt, seier epledyrkar Odd Molvik.

Pærebrann på Bulkemispel

PÆREBRANNEN SPREIER SEG: Plantesjukdommen spreier seg med stor fart i Nordhordland. Pærebrann som kan føra til stor skade på eple- og pæretre, er i år for første gong påvist i Lindås. Det uroar fruktbøndene.

Foto: Ørjan Simonsen

– Mattilsynet kan ikkje greie å stoppe pærebrann åleine.

Brita Toppe, Mattilsynet

– Her ser du smitta pærebrann. Me har funne angrep over heile Lindås. Ifrå Lygra i vest, i Kolsås og her i Knarvik er det no angrep, seier seniorrådgjevar i Mattilsynet, Brita Toppe, medan ho peikar på ein plante infisert av den frykta pærebrannen.

Plantesjukdommen spreier seg med stor fart i Nordhordland. Pærebrann som kan føre til stor skade på eple- og pæretre, er i år for første gong påvist i Lindås. Det uroar fruktbøndene.

– Det er veldig trist. Det er mykje arbeid å ta det vekk, seier Jorunn Ekerheim frå Knarvik.

LES OGSÅ: – Den varme våren kan ha øydelagt eplehausten

– Mattilsynet er for defensive

Rydder vekk busker

RYDDAR VEKK PÆREBRANN: Fruktbønder brukar mykje tid på å fjerne busker med pærebrann.

Foto: Bygdebladet

Pærebrann er på verdsbasis den sjukdommen som gjer størst skade på eple- og pæretre.

Atle Bondevik og broren Odd har på oppdrag for Mattilsynet i mange år kjempa ein aktiv kamp mot den lumske plantesjukdommen.

– Me fjernar buskene, og ved større mengder går me inn med motorsag og fliskuttar og får det vekk.

LES OGSÅ: Pærebrann kostet 8 millioner

Epledyrkar Odd Molvik, 3 mil lenger innover i Lindås er no uroa. Han er redd vidare spreiing av fruktdyrkarane sin store skrekk.

Pærebrann

MANGLAR PENGAR: Me er heilt avhengige av at både kommunen og private grunneigarar i Lindås tek vekk sjuke plantar sjølve, seier Brita Toppe i Mattilsynet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eg tykkjer Mattilsynet er for defensive. At dei ikkje har midlar til å setje inn nødvendige tiltak er for svakt.

Plantesjukdommen betyr ein stor kostnad både i parkar og private hagar, der den blant anna går til angrep på 12- 14 ulike mispelartar.

Mattilsynet: – Me klarar ikkje stoppe dette åleine

Mattilsynet tek kritikken til Målvik på alvor, men seier dei ikkje har pengar til å fjerne pærebrann heilt.

– Eg er glad for at han seier det. Men det er eit ressursspørsmål. Me må prioritere dei ressursane me har. Då må me akseptere at me har pærebrann i visse område, seier seniorrådgjevar i Mattilsynet, Brita Toppe.

– Mattilsynet kan ikkje greie å stoppe pærebrann åleine. Me er heilt avhengige av at både kommunen og private grunneigarar i Lindås tek vekk sjuke plantar sjølve.