– For meg er det årets høgdepunkt

BØMLO (NRK): Sidan 2015 har skulane på Bømlo gjeve meir enn 1,3 millionar kroner til gode formål gjennom TV-aksjonen.

Heine Totland, Knut Røksund og Niclas Mjånes

ÅRETS HØGDEPUNKT: For Knut Røksund (midten) på Moster skule er aksjonen årets høgdepunkt. Her saman med Heine Totland og Niclas Mjånes.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Kakesal, leikar og ei storstilt framsyning var berre nokre av aktivitetane under innsamlinga på Moster skule på Bømlo 3. oktober.

Knut Røksund er ein av elevane som arrangerer innsamlinga. Han seier det er mykje arbeid, men at det absolutt er verdt det.

– For meg er det i alle fall årets høgdepunkt.

Barne- og ungdomsskulen har i år samla inn 261 kroner per elev. Det er 30 gongar meir enn landsgjennomsnittet per innbyggar.

Innsamling til TV-aksjonen på Moster skule

MYKJE AKTIVITET: På Moster skule på Bømlo var det kakesal, leikar og framsyning for å samla inn pengar til TV-aksjonen.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Mykje arbeid

Å slå på stortromma under innsamling til TV-aksjonen har vorte tradisjon på Moster.

Elevane har førebudd innsamlinga i ei veka. Dei yngste elevane har laga ting som dei sel under innsamlinga, og dei siste dagane har gått til å førebu ei storstilt framsyning.

Niclas Mjånes er imponert over skulekameratane sine.

– Det er fullt køyr heile vegen for å gjera klart til denne dagen. Eg veit ikkje korleis me får det til, men det er jo heilt fantastisk.

Blant landets beste

Moster skule på Bømlo er den skulen i landet som har gjeve fjerde mest til TV-aksjonen i år.

Svortland skule har samla inn 106.000 kroner, og ligg på ein tredjeplass nasjonalt. Bømlo er den kommunen i Hordaland som har samla inn mest frå skular per i dag.

Knut Røksund seier det kan verta litt konkurranse mellom skulane.

– Det kan jo verta litt sånn me tente meir enn dykk, men me gjer det jo fordi det går til ei god sak.

Andreas Underland Mjelva er lagleiar for skule og barnehage i TV-aksjonen. Han kallar resultata for strålande.

– Det er heilt utruleg for ein kommune som Bømlo.

Heine Totland speler gitar på Moster skule

FRAMSYNING: Heine Totland var eit av innslaga under innsamlinga på Moster skule. Han er imponert over elevane.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Mektig imponert

Artisten Heine Totland er heime på haustferie og spelte under innsamlinga. Han tykkjer initiativet er flott.

– Det er jo veldig kult å bidra til den fantastiske innsamlingskulturen som er her, seier han til NRK.

Fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen i Hordaland, Marthe Jansen, var på skulen under innsamlingsdugnaden. Ho er imponert over kva elevane har fått til.

– I kvar krinkel og krok i kvart klasserom er det ein aktivitet for å samla inn pengar. Det er imponerande at skulane her samlar inn så mykje, år etter år.

TV-aksjonen NRK 2019 går til CARE og deira arbeid for å skapa eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 20. oktober.