Hopp til innhold

På skattejakt i kyrkjeveggane

Dei tjukke veggane i Domkirken i Bergen kan skjule ein konge. Magnus Lagabøte, og skatten han vart begraven med, er kanskje funne etter over 730 år.

Video Leitar etter konge i kyrkjeveggane

Sjå jakta på ein konge og ein skatt i murveggane på Domkirken i Bergen.

Med eit gult apparat på ei tralle, saumfarar SINTEF-forskarane murveggane i Domkirken i Bergen.

– Må vere her

For kyrkja kan ha ei stor løyndom. På ei plate på veggen står det, hogge i stein, at Magnus Håkonsson Lagabøte fekk bygd kyrkja, og vart gravlagd i ho.

Kongejakt i Bergen Domkirke

Metalldetektoren finn noko like ved denne tavla. Kanskje har inskripsjonen vore heilt bokstaveleg meint.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

– Han må vere her. Om me ikkje finn han no, er han nok tapt for alltid, seier hobbyhistorikar Gunnar Rosenlund.

Gravlagt i Domkirken

Magnus Håkonsson Lagabøte var konge i Noreg frå 1263 til 1280. Han fekk bygd Bergen Domkirke, og då han døydde i Bergen den 9. mai i 1280, vart han gravlagt her.

Kongejakt i Bergen Domkirke

PÅ JAKT: Gunnar Rosenlund har leita etter sarkofagen i mange år, og har leigd inn SINTEF for å få svar på gåta.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Rosenlund har leita etter kongen, og sarkofagen og skatten han vart begraven med, i mange år.

No får han hjelp av forskarar frå SINTEF til å saumfare veggane med ein metalldetektor.

Har funne noko

Kongejakt i Bergen Domkirke

SAUMFARAR: Forskarane har ein svær metalldetektor å leite med. I eine veggen, 60 centimeter inne i muren, har dei funne noko.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

– Det er noko i veggen, me får ein stor refleksjon som kan vere objekt i metall, seier SINTEF-forskar Anna Lalagüe.

Forskarane er ikkje dei fyrste som leitar etter konge og skatt i kyrkja. I 1880 vart golvet rive opp i jakta, utan hell.

Svar til helga

– Det kan jo ha vorte røva i løpet av dei 732 åra som har gått sidan Magnus Lagabøte døydde. Men det kan framleis vere her òg, seier Rosenlund.

Til helga kjem det svar på det metalldetektoren har funne, og då får me endeleg vite om Domkirken har ein løyndom.