NRK Meny
Normal

Her er Noreg sine mest framgangsrike kommunar

Byar og næringsregionar som Stavanger og Kongsberg/Numedal ligg på topp, men dei som klatrar mest på lista er dei små kommunane.

Kollsnes

STOR PETROLEUMSAKTIVITET: Kollsnes er Statoils prosessanlegg for gass, og behandlar gassen frå felta Troll, Kvitebjørn og Visund. Anlegget ligg i Øygarden kommune i Hordaland.

Foto: Dag Myrestrand / Statoil

NHO (Næringslivets Hovedorganisasjon) har rangert kommunane i landet etter kor attraktive dei er og etter kor mykje dei veks.

Byar og næringsregionar som Stavanger og Kongsberg/Numedal ligg på topp, men meir oppsiktsvekkande er det kanskje at dei to Vestlandskommunane Øygarden og Gulen går av med andre- og tredjeplass på lista over dei kommunane som klatrar mest.

– Det er nok petroleumsaktiviteten som er årsaka til plasseringa. Det er stor aktivitet i Øygarden.

Ordførar i Øygarden, Otto Harkestad

Ifølgje Dagens Næringsliv er det nettopp dei små kommunane som flyttar seg mest på lista.

Skuldast petroleumsaktiviteten i Øygarden

– Dette var veldig kjekt. Som regel er det problem som når fram til ordførarar. Det å få ei slik tilbakemelding er kjempegøy, seier ordførar i Øygarden, Otto Harkestad.

Øygarden kommune har klatra 166 plassar på Kommune-NM lista sidan 2008.

– Det er nok petroleumsaktiviteten som er årsaka til plasseringa. Det er stor aktivitet i Øygarden. Me har høg grad av sysselsetjing og me ser heile tida at nye prosjekt vert sett i gong på Kollsnes og i naturgassparken.

LES OGSÅ: Innlandet på bunn i kommune-NM

(Artikkelen held fram under biletet)

Otto Harkestad

TRØKK I NÆRINGSLIVET: – Alt eg registrere peiker oppover og framover, seier ordførar i Øygarden kommune, Otto Harkestad.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Gulen har klatra 188 plassar

Gulen kommune har klatra 188 plassar på lista sidan 2008. Økonomisjef Laila Nyhammer, har sett kåringa og stadfestar næringslivet i kommunen gjer det godt.

– Me har mykje flinke næringslivsaktørar her, det kan eg seie utan å vere flau. Her er mange gode kremmarar.

LES OGSÅ: Oppdrett i Gulen

– Me har nokre store aktørar innan fiskeoppdrett og industri. At det allereie er eit godt etablert næringsliv her, kan òg gjere det lettare for å andre å starte opp, meiner Nyhammer.

– Dei næringsdrivande har organisert seg godt i kommunen med felles utviklingsselskap og Gulen næringsråd. Kåringa er vel eit av fleire teikn på at dei har lukkast.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oppdrettsanlegg ved Mjånes i Gulen

OPPDRETT I GULEN: Gulen kommune er store på fiskeoppdrett og industri. På biletet ser ein oppdrettsanlegget ved Mjånes i Gulen.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Stor folkeauke på Øygarden

Øygarden er den kommunen i Hordaland som er i størst vekst. Her bur det no 3,1% fleire, enn for eit år sidan.

Ordførar i Øygarden, Otto Harkestad meiner dette også kan ha slått heldig ut på rangeringa til NHO.

– Har du stor folkeauke og stor auke i næringsaktivitetar, så slår det ut på slike statistikkar.

– Her får ein kjøpt og bygd rimelege bustadar enn sentralt på Sotra. Bygger du på Øygarden har du kanskje råd til ein båt og bil i tillegg.

Harkestad meiner kommunen også er kjend for å ha gode oppvekstvilkår, og at det har bidrege til å trekke folk til kommunen.

LES OGSÅ: Faller over 100 plasser

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.