På leit etter farfaren som går igjen

Harald Sæverud sa sjølv at han sikkert kom til å gå igjen på Siljustøl etter sin død. No har barnebarnet prøvd å finna farfarens ånd i komponistheimen i Ytrebygda i Bergen. Det har blitt til bok og fotoutstilling.

Erlend Mikael Sæverud

BARNEBARNET: Erlend Mikael Sæverud har prøvd å finna spor etter farfaren, komponisten Harald Sæverud, på Siljustøl i Bergen.

Foto: Turid Rogne / NRK
Harald Sæverud i 1953

FARFAREN: Harald Sæverud, her avbilda i 1953, blir rekna som ein av dei største norske komponistane.

Foto: Børretzen, Sverre A. / SCANPIX

Nesten kvar sommar kom Erlend Mikael Sæverud og syskena hans til Siljustøl på sommarferie frå Bærum.

– Det var som ei eventyrreise, fortel Erlend.

Det var på den store eigedomen i Ytrebygda i Bergen at farfaren hans, komponisten Harald Sæverud, budde og arbeidde. Harald Sæverud er ein av Noregs viktigaste klassiske komponistar gjennom tidene. Onsdag ville den store komponisten vorte 116 år.

Han har særleg sett spor etter seg med "Kjempeviseslåtten" som han skreiv under krigen, i sinne mot okkupasjonsmakta Tyskland.

HØYR: «

Kjempeviseslåtten

».

Det var av og til ei blanda oppleving å vera barnebarnet til den anerkjende komponisten.

– Innimellom var han "den store komponisten" som vi følte litt avstand til, andre gongar var han meir til stades for barnebarna ved at han fann på ting for å underhalde oss, fortel Erlend M. Sæverud.

På leit etter farfaren Harald Sæverud

BESTEFAREN: Erlend Mikael Sæverud har leita etter spor etter bestefaren i komponisten sin heim på Siljustøl.

Foto: Erlend Mikael Sæverud

Historieforteljaren

Farfaren fortalte alltid mange historier og eventyr. Også i det offentlege var Harald Sæverud kjend for å vere ein fantasifull mann og ein god historieforteljar, men ifølgje Erlend var han kanskje ikkje alltid like god til å lytte til kva andre hadde å fortelje.

Allereie i 1984 testamenterte Sæverud og kona hans Marie Hvoslef delar av huset og eigedomen til ei eiga stifting som skulle syte for at Siljustøl vart bevart. Harald Sæverud døydde i 1992 og fem år seinare vart Siljustøl offisielt opna som museum.

I dag er komponistheimen ein del av Kunstmuseene i Bergen, saman med Edvard Grieg-museet på Troldhaugen og Ole Bull sin heim Lysøen.

Hadde mist kontakten

Barnebarnet Erlend M. Sæverud hadde ikkje besøkt Siljustøl etter at det vart museum og han hadde mist kontakten med familien i Bergen. I det heile var han ganske bitter for at staden ikkje lenger var i familiens eige. Det synet endra seg fullstendig då han vende tilbake for eit år sidan:

– No syns eg det er veldig fint at det har blitt museum og at alt er bevart. Det har vore fantastisk for meg å kome tilbake og oppleve naturen og alt eg har så sterke minne frå. At det blei museum er det einaste riktige.

«Krangla» litt

Harald Sæverud meinte sjølv at han kom til å gå igjen på Siljustøl etter sin død. Om det er tilfelle kan ikkje Erlend seie, men på den første turen til Siljustøl i fjor, fekk han føle farfarens "nærvær" meir enn han ynskte:

– Då eg var der første gongen i fjor "krangla" vi litt, seier han med eit smil.

Det må du forklare...

– Eg hadde ikkje lyst til å lage ei Harald Sæverud-bok. Eg ville lage ei bok som handla om meg og mi oppleving av Siljustøl, men så kjendest hans nærvær veldig sterkt og det var vanskeleg å kome unna.

Kva blei det til slutt?

– Det blei begge deler, for etter kvart vart eg meir venn med han og forstod mykje meir om alt det spennande han har skapt.

På leit etter farfaren Harald Sæverud

MINNER FRÅ BARNDOMMEN: Erlend Mikael Sæverud har mange minner frå Siljustøl. Men lenge hadde han liten kontakt med familien i Bergen.

Foto: Erlend Mikael Sæverud

Fekk spela på flygelet

No har Erlend M. Sæverud laga fotoboka "Veien tilbake til Siljustøl" og opnar fotoutstilling på Fana kulturhus onsdag kveld. Saman med Tormod Kayser som er sonen til Harald Sæveruds pianist gjennom mange år, Jan Henrik Kayser, skal han også ha konsert på Siljustøl.

I barndomen brukte Erlend M. Sæverud å få spele på farfarens flygel eller stoveorgelet med rytmeboks. No spelar han gitar og jobbar med fotografi.

Fått kontakt med familien

Bokprosjektet har gjort at han har fått ny kontakt med familien i Bergen og til utstillinga kjem familiemedlemer som han ikkje har sett på mange år.

– Det er veldig bra, for det er nesten flaut kor lite kontakt vi har hatt, seier han.

Korleis har du sjølv blitt prega av å vere etterkomaren til Harald Sæverud?

– Eg har ikkje ynskt at det skulle bety noko å heite Sæverud til etternamn, men eg har drive med musikk og har klart blitt påverka av at det er musikk i slekta. Slik sett er det meir behageleg å drive med fotografi, for då er eg heilt fristilt.

Harald Sæverud fekk tre søner og har til saman sju barnebarn.