Hopp til innhold

På hugget etter jobb

Studentar er meir opptekne av å byggje karriere tidleg.

NHH-studenter skal få prøve seg i finansjobber

Studentar er meir opptekne av karriere no enn fot ti år sidan.

Foto: Eivind Senneset / NHH

For ti år sidan oppsøkte gjerne studentar arbeidslivet mot slutten av studiet. No er dei på hugget frå fyrste stund.

Svoltne frå fyrste dag

På karrieremessa i Bergen leitar studentane etter framtida, og framtida byrjar tidlegare no enn den gjorde før.

- Det er gode moglegheiter framover. Ordrebøkene blir ikkje tomme i løpet av dei neste par åra, seier Anders Årskog.

Han har nettopp byrja på andre år på ingeniørstudiet, men har alt no teke arbeidet med å ta tempen på arbeidsmarknaden.

- Eg vil finne ut kva dei ulike verksemdene kan tilby, og kva jobbar som er mogleg å få i framtida.

Startar tidlegare no enn før

Stadig fleire studentar er tidleg ute med å byggje karriere.

- Studentane er mykje meir medvitne no enn før på at dei faktisk skal ut i arbeidslivet etter endt utdanning, seier leiar ved karrieresenteret i Bergen, Rønnaug Tveit.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Rønnaug Tveit (t.v.) og Margareth Hågensen (t.h.)

Rønnaug Tveit (t.v.) og Margareth Hågensen (t.h.) seier fleire studentar i dag får den jobben dei ynskjer seg.

Foto: Kristine Askvik / NRK

For ti år sidan venta studentar gjerne til dei var ferdige med utdanninga med å orientere seg om moglegheiter på arbeidsmarknaden, men i dag er studentane nyfikne frå fyrste dag.

- Dei veit tidlegare kva jobbar dei sjølve ynskjer, kvar desse jobbane er å finne samstundes som dei øver seg på å skrive søknad og CV.

- I tillegg er studentane flinkare til å finne nye vegar inn i arbeidsmarknaden. Dei nyttar ikkje alltid dei tradisjonelle kanalane, men er oppsøkande og aktive og nyttar seg ofte av nettverk, seier Tveit.

- Slik får dei det dei vil ha

Rønnaug Tveit trur studentane i dag i større grad får dei jobbane dei vil ha.

- Når dei er så tidleg ute med å orientere seg, får dei oftare dei jobbane dei vil ha òg.