Sjå bilete frå Leirvik sentrum
Foto: Jan Harald Larsen/NRK
Det har aldri vore ei borg i Leirvik. Likevel er Borggarden og Borggata dei mest kjende namna i sunnhordlandsbyen.
Namnet "borg" kjem derimot frå gamle Grand Hotell og måten det var bygt på, fortel museumsdirektør Tore Lande Moe ved Sunnhordland Folkemuseum.
Han tek oss med på ei lita vandring i Borggarden, med Rådhuset, Grand Hotell og Hagerupshuset som dei mest sentrale bygga.
Turen endar ved det gamle fengselet som var i bruk heilt fram til 1960-åra. I dag er fengselet blitt ein heilt spesiell restaurant.