På dette bergenstaket bur over 300 urbane måker

NYGÅRDSHØYDEN (NRK): Eitt av landets største bygg er blitt eit viktig hekkeområde for sildemåkene. Men det uroar ornitologar at måkene flyktar frå kysten og inn til byane.

Måker på taket av Realfagsbygget i Bergen

FUGLEFJELL: Det store taket på Realfagbygget er populært hjå sildemåkene. Her hekkar over 70 måkepar.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Dei siste tre åra har det verkeleg kome mange oppe på dette taket. Eg vil påstå at det er fleire fiskemåker som hekkar urbant enn ute ved kysten, seier ornitolog Arild Breistøl ved Universitetet i Bergen.

Han ser utover det enorme, flate taket på Realfagbygget i Bergen. Med ein grunnflate på rundt 6700 kvadratmeter er dette eitt av dei største enkeltståande bygga i Noreg.

No er det truleg også eitt av Vestlandets største fuglefjell. Over 70 måkepar hekkar her. Med to-tre ungar i kvart reir blir det over 300 måker på det store taket i Bergen sentrum.

– Det er sildemåker og fiskemåker på mange tak i Bergen. På taket av Realfagbygget er det flest sildemåker og nokre gråmåker. Det er nok utsikta som lokkar flest hit. Her har dei god oversikt når dei leitar etter mat, seier Breistøl.

Det var universitetsavisa På Høyden som skreiv om det populære måketaket først.

Måke-egg på toppen av Realfagbygget i Bergen

GODE FORHOLD: Tak gir gode hekkeforhold for måkene. Dette reiret har topp utsikt mot resten av Bergen sentrum.

Foto: Arild Breistøl / UiB

Mindre mat langs kysten

Og tilgang på mat er nok eit nøkkelord for å forklare kvifor svært mange måker er blitt urbane. Og kanskje også kvifor fleire måkeartar er raudlista.

Breistøl forklarar at den fiskeetande vågekvalen, som også pressar fisk opp slik at måker får fatt i den, har forsvunne frå kysten vår. I tillegg utgjer minken ein stor fare for måkene. Minken et både egg og fugleungar. På bergenstaka er det verre for firbeinte å komme seg opp.

Og det er også nok med mat i byen. I byen har måkene spesialisert seg på ulikt vis, forklarer Breistøl.

– Nokre heng på gatekjøkken-hjørne og ventar på at det kjem mat. Det går i pølse, kebab og hamburgar. Andre er spesialistar på meitemark, som det verkeleg er rikeleg av i grøntområda i byen. Det er heller ingen problem for ei sildemåke å ta seg to mil til havs for å finne mat, seier Breistøl.

Fiskemåke på Marineholmen i Bergen

VISS RISIKO: Å starte livet på eit høgt tak inneber ein viss risiko. Her er det ei fiskemåke med to ungar som passar på ved Marineholmen i Bergen.

Foto: Arild Breistøl / UiB

Klarer seg bra

Ornitologen trur talet på urbane måker vil auke i åra som kjem. Det ser dei på dei måkene som dei har klart å merke, slik at dei kan følgje med på kor dei bevegar seg.

– Det er ein viss fare for at måkeungane fell ned frå taket. Men dei som veks opp, blir store og feite. Vi ser at dei som trekker sørover til Afrika, kjem tilbake hit etter kvart. Ungfuglar pleier å vere tre-fire år i Europa før dei returnerer til Noreg.

– Men det er skremmande at kysten vår er så forandra at det nesten ikkje hekkar fiskemåker der lenger. Sildemåka gjer det heller ikkje så bra i kystkoloniane.

No håpar han at dei som eig industribygg i byane, ønskjer måkene velkomne på taket. Dei er rett og slett blitt viktige reservat for dei utryddingstruga måkene.

Sildemåke på taket av Realfagbygget

VENDER TILBAKE: Ei sildemåke gir lyd frå seg på taket av Realfagbygget. Forskarane har klart å merke nokre måker og ser at dei vender tilbake til taket etter opphald i Afrika og Sør-Europa.

Foto: Arild Breistøl / UiB