Øystein lagar samfunnskritisk gatekunst som nesten ingen ser

BERGEN SENTRUM (NRK): Øystein Dypedal (35) brukar lang tid for å få med alle detaljar på dei ørsmå figurane sine. Gatekunsten risikerer å bli tråkka på, ete av hundar eller aldri bli sett.

Ekkokammer

«EKKOKAMMER»: Øystein Dypedal meiner at me i stor grad får bekrefta våre eigne meiningar gjennom media, nyheitsbiletet og samfunnet. – Lyden frå demonstranten går inn i mikrofonen til lydmannen, som er øyrepluggen, og så går den rundt igjen slik at demonstranten høyrer det bak seg igjen.

Foto: Øystein Dypedal

– Men dei som stoppar opp, får høve til å sjå noko litt utanom det vanlege, seier Øystein Dypedal.

For fleire år sidan blei han fascinert av såkalla miniatyrar – og begynte å bruka dei små menneskefigurane, til å fortelje historiar med.

Etter kvart flytta han dei ut av huset, og dei to siste åra har det heile utvikla seg til gatekunst.

Han brukar kunsten til å uttrykke sitt syn på samfunnet – som til dømes sosiale medium og ekkokammer – gjennom figurane han plasserer på gata.

– Det byrjar med ein tanke og eit bilete eg får i hovudet. Så prøver eg å finna figurar som passar inn i det biletet, fortel 35-åringen.

Storbyjungelen
Foto: Øystein Dypedal
Med desse miniatyrfigurane plassert rundt i Bergen, prøver Øystein Dypedal å fortelja historier med eit skråblikk på samfunnet. I boka si «Tiny Bergen» har han samla bilete av mange ulike installasjonar.

Demokratisering av kunsten

Han målar figurane, og finn ein stad i Bergen sentrum som passar til historia han vil fortelje. Til no har han laga nær hundre slike kunstverk utandørs.

Historiene er så små at dei fleste som går forbi går glipp av dei. Dypedal opplever likevel at mange let seg fascinera. Han trur det skuldast at ein kan vera litt barnsleg igjen, og drøyma seg inn i ei lita verd.

– Det spesielle med gatekunst er at kven som helst kan uttrykka seg. Ein treng ikkje vera etablert og ha eit studio for å formidla noko via kunsten sin, seier 35-åringen.

Han prøver å spela på humor i alle historiene, samstundes som han vil setja fokus på noko han synest er viktig i samfunnet.

Øystein Dypedal

KUNST: Dypedal har drive med miniatyrfigurar i litt over fire år. Å gjera det om til gatekunst byrja han med for om lag to år sidan. Han har plassert nærare 100 små kunstverk rundt om i byen.

Foto: Hanne Kristin Dypedal
Høljregn av Øystein Dypedal

KAN DU SJÅ HAN?: Mannen med paraply på bossbøtta er det berre dei mest merksame som oppdagar. Dette er den same installasjonen som nedst i artikkelen.

Foto: Øystein Dypedal

Einaste av sitt slag

Miniatyrfigurane bestiller Dypedal på nett. Dei er eigentleg laga til modelljernbanar, men mange brukar desse på andre kreative måtar.

Dypedal har samla kunsten sin i ei bok kalla «Tiny Bergen», der han har teke bilete av alle installasjonane. Å bruke miniatyrar kreativt er eit stort fenomen i verda, men han er truleg den einaste miniatyrgatekunstnaren her i landet.

– Det er nok få som set miniatyrfigurane ut i gatene. Det er det som blir min måte å gjere det på, som gatekunst, seier han.

Han jobbar ofte med installasjonar i fleire dagar heime på kontoret sitt, før han plasserer dei ute i den verkelege verda. Men verda er ikkje alltid trygg for dei små forteljingane hans.

– Ein del blir trakka på, og nokre blir kanskje ete av ein hund. Men nokre står lenge, seier han.

Høljregn av Øystein Dypedal

DRØYMEVERD: Denne vesle mannen var det ikkje alle som fekk auge på. Med desse figurane skapar Øystein Dypedal si eiga vesle drøymeverd i den verkelege verda.

Foto: Øystein Dypedal