NRK Meny
Normal

Øygarden kan få mini-månelanding

Ein genial teknologisk idé frå ein norsk oppfinnar, og ein arabisk riking som begeistra spyttar inn kapital.

Gasnor, BKKs gasskraftverk i Øygarden

BKK SITT GASSKRAFTVERK I ØYGARDEN: Kan bli del av ei norsk mini-månelanding. Her med Marine Harvest sitt anlegg i bakgrunnen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Otto Harkestad

VENTAR I SPENNING: Ordførar Otto Harkestad i Øygarden har stor tro på prosjektet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Mongstad havarerte, men no kan Øygarden få si eiga mini-månelanding.

Mongstad står for Norges største enkeltutslepp av klimagassen CO2. Anlegget og gasskraftverket står for eit utslepp på til saman 2,3 millionar tonn i året.

– Men få har høyrt om det ti år gamle vesle gasskraftverket til BKK i nabokommunen Øygarden. Det slepp ut 24.000 tonn CO2 i året, seier Otto Harkestad.

Ordføraren i Øygarden ventar no spent på det som kan bli ei lita månelanding etter klimahavariet på Mongstad.

Innfløkt system

Bak prosjektet står det vesle norske selskapet EnPro, med svære arabiske investorar i ryggen.

Planen er å samla opp CO2 frå pipene på det vesle gasskraftverket, og saltvatn frå havet, og laga tilsetjingsstoff (kalsiumklorid-pulver og soda ash) som blir brukt i glas og isolasjonsmateriale i oljeindustrien, i vaskemiddel og litt i matvarer.

Den planlagde fabrikken i Øygarden skal inngå i eit system der tre bedrifter allereie i dag er knytt sinnrikt saman.

Avhengig av naboane

Ståle Marwoll

AVHENGIG AV NABOANE: Ståle Marwoll er driftsleiar ved gasskraftverket.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kraftverket til BKK er gjensidig avhengig av sine to nabobedrifter: Gassnor, som produserer flytande gass (LNG), og Marine Harvest som driv oppdrett av leppefisk.

Midt mellom ligg kraftverket. Det får gass frå Gassnor og kjølevatn som Marine Harvest pumpar opp frå sjøen.

– Til gjengjeld leverer kraftverket straum til Gassnor og varmt vatn til Marine Harvest sine leppefiskar, forklarer Ståle Marwoll, som er driftsleiar på gasskraftverket.

Støtte frå Enova

Den statlege organisasjonen Enova gir støtte til energiøkonomisering og karbonfangst. Etter det NRK kjenner til, vil den CO2-reinsande fabrikken til EnPro kosta 111 millionar kroner.

Sist veke gjekk det såkalla løyvingsutvalet i Enova inn for å støtta karbonfangstanlegget i Øygarden.

– Hvis styret i Enova er samde blir fabrikken bygt, seier dagleg leiar Christian Theiste i EnPro. Men verken EnPro eller Enova vil uttala seg før saka er avgjort.

EnPro har eit pilotanlegg i Dei arabiske emiratene, der store investorar hittil har brukt 100 millionar kroner på å utvikla teknologien som no for første gong kan bli sett kommersielt ut i livet i Hordaland.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.