NRK Meny
Normal

Overtru gjer at Jonas nesten ikkje finst i Austevoll

AUSTEVOLL (NRK): Overtru får fiskarar til å vraka eit vanleg gutenamn. I generasjonar har austevollingar styrt unna å kalla ungane sine for Jonas.

Karstein Drønen

VEIT IKKJE KVIFOR: Bas om bord på MS Storeknut, Karstein Drønen, veit ikkje om namnet Jonas bringar med seg ulukke, men han tør likevel ikkje å kalla ungane sine for det.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

– Eg er overtruisk, det er eg. Det er vel slikt som antakeleg kjem inn med morsmjølka det.

Karstein Drønen er bas om bord i fiskebåten MS «Storeknut» frå Austevoll. Fiskarane trykkjer overtrua til brystet når dei kastar loss. Eit sett med uskrivne reglar blir brukt for å unngå uflaks på havet.

– Me vågar ikkje

I tillegg til at du ikkje bør ta med ryggsekk og paraply, betyr det uhell å sei lukke til og å nemne hest om bord i ein båt. Du skal heller ikkje reisa ut på fredagar. Men namnet ditt har òg betydning for om du kan gjera karriere som fiskar i Austevoll.

– Jonas. Det er ikkje akkurat noko godt namn å ha om bord i ein fiskebåt. Eg veit ikkje om det bringar ulukke med seg. Det er berre noko eg har blitt fortalt opp gjennom tidene. Me vågar ikkje å kalla ungane våre for det, fortel Karstein Drønen.

Bibelen

SVIKTA GUD: Frykta fiskarar har for å kalla barna sine for Jonas er truleg knytt til bibelen si historie om profeten Jonas. Han prøvde å flykta frå Gud, og som blei slukt av ein fisk.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

I generasjonar har Jonas vore eit ukjend namn i Austevoll. Mest truleg er det knytt til bibelhistoria om Jonas, som forsøkte å flykta frå Gud. Skipet han mønstra på kom ut for ein kraftig storm. Då han vedgjekk det han hadde gjort, vart han kasta på havet, og slukt av ein stor fisk.

Berre åtte med namn Jonas

Ifølgje Statistisk sentralbyrå er det berre åtte personar som heiter Jonas i fiskerikommunen vest i Hordaland, og dei kom ikkje før utpå 2000-talet. Om dei får bli med ut på fiskefeltet av skipper Tor Magne Drønen, står att å sjå.

– Me kunne vel ikkje sagt så mykje. Me må sjå på CV-en og slikt, og la den vega opp.

Tor Mange Drønen

VANSKELEG AVGJERD: Tor Mange Drønen håpar MS Storeknut slepp å ta avgjerda om å tilsetja nokon som heiter Jonas.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

– Me kan jo stilla oss utanfor og le av det, men så har me jo dette fenomenet med tru og overtru, som me ikkje har forklaringar og heller ikkje kan finna forklaringa på. I alle fall ikkje bevis.

Respekt for forfedrane

Antropologiprofessor Frode Storås ved Universitetet i Bergen er ekspert i samfunn og kultur. Han trur respekten for forfedrane er grunnen til at overtrua framleis står sterkt i fiskaryrket.

– Det blir nesten religiøst, på ein måte.

I tillegg trur Storås at mange av reglane kjem av at fiskaryrket er eit risikoyrke.

– Ein ting er at dei må vera veldig dyktige, men dei må ha litt flaks òg. Og då hjelper det å ha desse reglane rundt seg.

Siste video

.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.
Kunstnere med julekalender i flere norske byer i desember.