Hopp til innhold

Overstadig rusa menneske i gatene

Fleire politipatruljar rykka seint måndag kveld ut til Verftet i Bergen, der det var ei rekke rusa personar i området. – Det hadde vore konsert, og mange folk var ute i gatene. Vi har oppretta fire narkotikasaker, og fleire vart meld for ordensforstyrring og forulemping av offentleg tenestemann. Enkelte låg nærmast døddrukne i gatene og måtte hentast av ambulanse, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.