Hopp til innhold

Overraskande god effekt av køprising i Bergen. – Likevel ingen god ide, seier samferdsleministeren

Folk står mindre i kø, fleire reiser kollektivt og lufta er reinare. Ketil Solvik-Olsen meiner likevel køprising ikkje er eit godt tiltak.

I rushtida er takstane i bomringen i Bergen nær dobla.

KØPRISING FUNGERER: I rushtida er takstane i bomringen nær dobla. Det har redusert trafikken i byen heile døgeret.

Foto: Ragnhild Bjørge / NRK

1. februar 2016 vart det nesten dobbelt så dyrt å passera bomringen i rushtida i Bergen. To år seinare syner tala eit overraskande godt resultat.

– Trafikken er redusert med 13 prosent i rushtida, seier Eirik Lund Presterud.

Presterud, som er siviløkonom frå NHH i Bergen, har saman med professor og forskar James Odeck sett på effekten av køprisinga. Tiltaket verkar langt betre enn venta, viser rapporten frå Statens vegvesen.

Eirik Lund Presterud har sett på effektane av rushtidsavgifta i Bergen.

VELLUKKA: Siviløkonom Eirik Lund Presterud har sett på effektane av rushtidsavgifta i Bergen.

Foto: Privat

– Det var venta ein nedgang i trafikken gjennom døgeret på tre prosent, men etter to år viser fasiten heile seks prosent, fortel han.

Trondheim innførte rushtidsavgift i 2009-10, med ein moderat takstauke morgon og ettermiddag. Oslo innførte det same i oktober i fjor. Begge stader er tendensane dei same som i Bergen.

Resultatet overraska forskarane

Målet var å redusera biltrafikken til og frå byen morgon og ettermiddag, og gjennom dette redusera miljøproblema.

Det vart 80 prosent dyrare å passera bomringen mellom klokka 6.30 og 9 og mellom 14.30 og 16.30. For dei fleste med bombrikke utgjorde det ein auke på 16 kroner.

– Resultatet er overraskande, særleg med tanke på at prispåslaget ikkje er så veldig høgt, seier Presterud.

Har knekt kø-koden

Bergen har i mange år slite med ulovleg høg luftureining. Hausten 2015 vart Noreg dømt i EFTA-domstolen fordi luftkvaliteten i Bergen og Oslo var så dårleg at det braut med internasjonale reglar.

Såkalt giftlokk over Bergen januar 2016

GIFTLOKET OVER BERGEN: Kalde, fine dagar blir lufta liggjande i ro i eit lag nær bakken. Ureining frå biltrafikk og vedfyring blir fanga i dette laget ved bakken utan at lufta blir skifta ut.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Les òg: Regjeringa seier ja til køprising i Bergen

Oppmodingar om å la bilen stå og trugsmål om datokøyring fungerte dårleg. No kan Bergen ha knekt koden.

Forskar og professor James Odeck

UTSLEPP KOSTAR, KØPRISING VERKAR: Professor og forskar James Odeck har sett på effektane av rushtidsavgift i Bergen.

Foto: Privat

– Utslepp er kostbart. Dei skapar mykje sjukdom, i tillegg til køar. Dersom folk slepp unna utan å betala, så vil dei halda fram med å køyra bil. Om ein tek i bruk prismekanismar, slik Bergen kommune har gjort, vil folk vurdera andre reisealternativ eller -tidspunkt, forklarar James Odeck.

Les òg: Køtiden inn til Bergen halvert etter økte bompriser i rushtiden

Meiner politikarar vel for enkle løysingar

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen let seg ikkje riva med av resultata i rapporten frå Bergen.

– Når du doblar prisen på ei vare, vil færre brukar henne. Det betyr likevel ikkje at reisekvardagen til innbyggjarane er betra. Det er viktig å ta omsyn til dei som får dårlegare privatøkonomi og reisekvardag fordi prisane er auka.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

KRITISK: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen er kritisk til køprising, sjølv om det viser seg å ha god effekt.

Foto: NRK

Framstegspartiet er kritiske til køprising, og no rettar han ein peikefinger mot dei folkevalde.

– Ein del lokalpolitikarar tyr litt for lett til bompengar i staden for å ta ansvar for betre kollektivtrafikk, seier Solvik-Olsen

Men byråd Anna Elisa Tryti meiner køprisinga har gjeve ei gledeleg utvikling i Bergen. Fleire reiser kollektivt, færre brukar privatbilen og klimautsleppa går ned.

– For fyrste gong ser me nedgang i klimagassutsleppa i Bergen.

Ho meiner innføringa av køprisinga er ein del av forklaringa.

– Dette viser at tøffe, upopulære tiltak verkar, seier Tryti.

Anna Elisa Tryti

TØFFE TILTAK FUNGERER: – Dette viser at tøffe, upopulære tiltak verkar, seier byråd for byutvikling Anna Elisa Tryti. Klimagassutsleppa i Bergen er redusert med 7–8 prosent frå 2015 til 2016.

Foto: Sølve Rydland / NRK