– Uventa at KrF er med på dette

KrF bryt med byrådsavtalen og går inn for køprising i Bergen. – Spesielt, seier Tor Woldseth i Framstegspartiet.

Tor Woldseth

OVERRASKA: Framstegspartiet sin gruppeleiar i bystyret, Tor Woldseth.

Foto: Anders Ekanger / NRK
Tett trafikk over Danmarksplass

VIL HA KØPRISING: KrF, Venstre og Byluftslisten går no saman om å innføre køprising i Bergen, til stor irritasjon hjå tidlegare samarbeidspartar i byrådet.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Det var i utgangspunktet uventa at KrF var med på dette, i og med at dei har vore i samarbeid med oss, seier gruppeleiar for Frp i bystyret, Tor Woldseth.

KrF går saman med Venstre og Byluftslisten og ber byrådet fremje ei sak om tidsdifferiensierte bompengar, også kalla køprising. Forslaget vil gjera at det kostar meir for bilistar å passera bomringen i rushtida.

Då KrF sat i byråd vart dei samde med Høgre og Frp om å ikkje vedta køprising, men i juni braut KrF ut. No sikrar dei fleirtal for køprising og bryt dermed med byrådsavtalen

– No er me ikkje lenger i byråd og føler oss litt friare, sa KrFs gruppeleiar Marita Moltu tidlegare i dag.

Meiner KrF er illojale

I Bergens Tidende går Høgre sin gruppeleiar hardt ut mot den tidlegare samarbeidspartiet i byrådet.

– Vi er veldig skuffa over KrF. Vi har hatt ein avtale til vurdering på bordet, og no er ikkje den aktuell for Marita Moltu, seier Dag Skansen til avisa.

Woldseth i Frp er samd med Skansen.

– Det er illojalt i forhold til den plattforma dei har gått med på i den perioden dei styrte Bergen. For å så hoppe ut og gjere det stikk motsette. Ut ifrå det er det sjølvsagt illojalt.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Dag Skansen måndag.

– Skuffande

Også sosialbyråd Eiler Macody Lund frå Frp er kritisk til KrF.

– Eg er overraska over at dei let seg overtale av Venstre til å vera med på noko dei har vore i mot så lenge dei var i byråd. Og eg er skuffa over at eit parti som KrF ikkje held løfta dei gir til sine samarbeidsparti, sjølv om dei no er ein stad mellom opposisjon og posisjon.

Venstre fornøgd

– Det har vore heilt avgjerande, seier Julie Andersland i Venstre på spørsmål om kva det har hatt at KrF ikkje lenger er i byråd.

– No er det heilt naturleg at dei følgjer partiprogrammet sitt. Viss ein ser på alle partia så har det lenge vore fleirtal for køprising, men KrF har forhandla dette vekk medan dei var i byråd.

– Men det har allereie blitt dyrare å passere bomringen i Bergen. Kva er smertegrensa til folk?

– Det er vanskeleg å svare på. Sjølv om bompengane har dobla seg, ser vi liten nedgang i trafikken. Derfor er det viktig med tiltak som gjer at folk køyrer på andre tider eller enno betre, lar bilen stå.

Om køprising Bergen

SJÅ VIDEO: Venstre sin gruppeleiar Julie Andersland i Vestlandsrevyen 15. september.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.