Ein lapp blei festa på rundt 400 graver der etterletne fekk beskjed om å ta kontakt med Bergen Kirkelige Fellesråd.
Der fekk dei valet mellom å etterbetala gamal festeavgift, eller å la gravene bli jamna med jorda.
Følte seg truga
Bjarne Kvam har stelt grava til konas besteforeldre, og tykte det var ein lite triveleg beskjed å få.
- Me opplever det som ein trussel at dersom ein ikkje betalar så blir grava sletta, seier han.
Det var ein oppryddingsaksjon for å fjerna uønska graver, altså dei som ikkje blei stelt eller betalt for.
Må betalast på førehand
Lova seier at gamle graver kan fjernast dersom familien ikkje betalar festeavgift, men avgifta skal betalast på førehand.
Likevel kravde kyrkjegardssjef May Kristin Røen i Bergen regninga betalt både 20, 30 og 40 år etter.
- Det var ingen rekning. Det var eit tilbod ein kunne akseptera eller la vera, seier ho.
Bjarne Kvam nekta å betala vel 5000 kroner for ein 26 år gamal rekning som brått blei kravd inn.
Han og fleire andre klaga og fekk medhald hjå Kyrkjedepartementet, som sa at det er urimeleg å krevja festeavgifta etterbetalt.
200 får ikkje pengar att
Frå 1. januar blei det slutt på å krevja inn gamal gjeld, men dei vel 200 som likevel betalte får ikkje pengane sine att.
- Dei som har betalt skal sjå på det som ei investering i si historie, og at dei fekk behalda grava, seier kyrkjegardssjefen.