Hopp til innhold

Han overnatta ute for å sikre seg hus til ni millionar kroner

SMØRÅS (NRK): Konsert-tilstandar då 81 arkitektteikna einebustadar i Bergen vart lagde ut for sal i dag.

Hans Olav Monsen-Neteland

GODT KLEDD: Hans Olav Monsen-Neteland hadde budd seg godt før natta utandørs. No håpar han å signere kontrakt for ny einebustad i løpet av dagen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Det var kaldt, mørkt og triveleg.

Det seier Hans Olav Monsen-Neteland som saman med fleire andre ivrige kjøparar overnatta ute for å sikre seg hus, skriv Bergens Tidende.

Då NRK var på staden i morgontimane venta rundt seks personar tolmodig i kø.

81 arkitektteikna einebustadar på toppen av Smøråsfjellet vert nemleg lagde ut for sal etter førstemann til mølla-prinsippet i dag.

Monsen-Neteland bur like i nærleiken og går ofte tur i området. Han fortel at det var utsikta som gjorde at han no gjekk ekstra langt i huskjøp-prosessen.

– Den er heilt fantastisk. Vi kan sjå alle dei sju fjell, og langt ut på Sotra, seier han.

Utsikt frå Smøråsfjellet

– FANTASTISK: Det var denne utsikta som gjorde at Hans Olav Monsen-Neteland og fleire andre valde å ligge i kø for å sikre seg bustad på Smøråsfjellet.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Lite krangling i køen

Han fortel at det førebels ikkje har vore krangling om husa i natt.

– Vi som overnatta er jo forhåpentleg nye naboar, og har blitt ein god gjeng, så vi kan ikkje begynne å krangle no.

Monsen-Neteland har budd seg godt for natta utandørs. Men varme klede og sovepose klarte ikkje å stengje all kulda ute.

– Eg har angra ganske mange gongar i natt, men no når det er lyst, er eg veldig nøgd med at eg tok sjansen. Alle som er her får supre tomter, meiner han.

Signering av kjøpekontraktar startar klokka 12.00 i dag, og Monsen-Neteland håpar han kan sikre draumehuset til familien.

Bustadsfelt på Nøttveit

KONSERT-TILSTAND: 81 arkitektteikna einebustadar med ein prislapp på mellom 5.990.000 og 10.690.000 fekk folk til å overnatte ute før salsstart.

Foto: WEBU AS

– Veldig kjekt

Bodil Kristin Innset i Aktiv Eiendomsmegling er kontaktperson for prosjektet.

Ho seier til BT at ho ikkje har problem med å forstå at folk søv ute for å få fatt i einebustadane.

– Eg hadde gjort akkurat det same viss det var min draumebustad, men det er sjølvsagt veldig kjekt at det er ei slik interesse for prosjektet.

Biler

FULLT: Mange brukte bilane som overnattingsplass då dei venta i bustadkøen på Smøråsfjellet.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK