Hopp til innhold

Vart nesten drept på jobb - no skal han tilbake

Eitt år etter at han vart skoten av terroristar i In Amenas, skal Kolbjørn Kirkebø tilbake på jobb. Han er den einaste nordmannen som har valt å reise tilbake dit 40 personar mista livet.

In Amenas minnestein

MINNESTEIN: Nyleg vart ein minnestein sett opp ved gassanlegget i In Amenas for å minnast dei 40 som omkom i terrorangrepet (t.v. Bjarne Våge, Kolbjørn Kirkebø og Thure Ingebrigsten).

Foto: Privat / Brage byrΠAS

Legane måtte bruke mobilar for å få nok lys til å klare å sy stingene etter skotskaden.

Kolbjørn kirkebø

– Eg var fysisk kvalm då Kolbjørn var tilbake i In Amenas denne veka. Heile kroppen reagerte, fortel kona til Kolbjørn Kirkebø, Anne Tafjord-Kirkebø.

Onsdag den 16. januar klokka 05.15 går Kolbjørn Kirkebø (51) og elleve kollegaer om bord på ein buss i gassanlegget. Dei skulle inn til byen In Amenas, men så langt kom dei aldri.

Målet med turen var å fornye arbeidsvisumet. Eit ærend som eigentleg skulle vore gjort fleire dagar tidlegare, men på grunn av ein streik, vart turen utsett. Streiken redda truleg livet hans.

– Det har vore eit tungt år

In Amenas

HAR HATT EIT VANSKELEG ÅR: Kolbjørn Kirkebø og kona Anne Tafjord-Kirkebø fortel om eit tungt år etter terrorangrepet på gassanlegget i In Amenas

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Det er snart eit år sidan dei dramatiske døgna på gassanlegget. Ei gruppe væpna islamistar gjekk til angrep på anlegget, søraust i Algerie. Dei tok rundt 700 arbeidarar som gislar, 40 vart drepne.

Kolbjørn Kirkebø og kona skildrar 2013 som eit særs vanskeleg år.

– Eg trur på mange måtar ho er meir traumatisert av dette enn meg, seier han og ser bort på kona si.

– Det har vore eit tungt år. Alt har på ein måte gått i sakte film. Vi har ikkje hatt krefter, nokon av oss, svara kona.

No skal altså Kirkebø tilbake i full jobb på gassanlegget der han kunne ha mista livet.

Sjå Kolbjørn Kirkebø og kona Anne Kirkebø i kveld på Vestlandsrevyen

Einaste nordmann tilbake

Av dei norske tilsette som var tilstades ved anlegget under angrepet, er det berre Kirkebø som har valt å reise tilbake til jobben. Han skal halde fram som prosjektsjef ved anlegget. For kona var det ei avgjere som var vanskeleg å svelgje.

– Når Kolbjørn var der denne veka, kjende eg at eg vart fysisk kvalm av å tenke på at han var der. Ei slags uro i heile kroppen. Det er klart det er vanskeleg at han har bestemt seg for å reisetilbake til staden eg nesten mista han.

Ho seier ho likevel støttar han i valet. Og han sjølv ville aldri reist utan samtykke frå kona.

– Eg har vore klar frå byrjinga på at eg ville tilbake. Når eg har vore der ei stund kan det jo vere at ting endrar seg. Eg vil uansett ikkje vere der dersom ho sit heime og er uroa.

Han fortel om fleire nordmenn som har hatt lysst å reise tilbake, men familiane har sagt nei.

– Det forstår eg. Ein kan ikkje reise utan at familien tykkjer det er greitt. Det hadde ikkje eg heller gjort.

(Artikkelen held fram under biletet)

In Amenas

UTANFOR ANLEGGET: Her er Kolbjørn Kirkebø i området utanfor anlegget. Biletet er tatt i 2011.

Foto: Privat

Sunnmøringen har vore tilsett i Statoil sidan 2006, og arbeidar som prosjektleiar for utvikling ved anlegget. I sommar var han tilbake for første gong sidan angrepet.

– Det var rart å vera tilbake. Eg såg kulehol over alt. Mange ved kontoret mitt.

I eit kontorlandskap, utanfor kontoret til Kirkebø, hadde fire av dei drepne sine arbeidsplassar. Minnene av smilande personar der dukkar ofte opp, fortel han.

Han er sjefen til 120 tilsette. Åtte av dei vart drept i angrepet. Han kjende alle godt.

– Det er klart det gjer noko med deg. Tankar om kvifor eg overlevde, men ikkje dei. Slike tankar dukkar jo opp, men eg prøver å ikkje tenke slik.

Rosar Statoil

In Amenas

GASSANLEGGET: Biletet er tatt av ein av dei overlevande under terrorangrepet mot In Amenas og viser eit forlatt anlegg medan aksjonen pågår

Foto: Privat

I Sommar reiste Kirkebø tilbake til anlegget saman med to andre norske kollegaer, Bjarne Våge og Thure Ingebrigsten. Alle overlevande etter terrorsjonen på gassanlegget.

Trass i at besøket vekte vonde minner, er sunnmøringen klar på at det alt i alt var ei positiv oppleving å vera tilbake.

– Mottakinga på anlegget var veldig fin. Eg trur dei som var igjen der hadde venta at alle skulle kome tilbake. No har dei nok innsett at slik er det ikkje. Mange har valt å finna seg ny jobb.

No rosar han Statoil for moglegheita til å velje. For dei som ikkje ville tilbake til anlegget finn dei andre jobbar i systemet.

– Det er eg glad for. Det er ikkje alle som orkar å reise tilbake, det er fint at dei får seg jobb ein annan pass.

Åtte begravelsar på få månader

Då terrorangrepet gjekk føre seg og familien uroa seg heime, låg Kolbjørn på eit operasjonsbord i In Amenas. Han vart skoten i låret på bussen. Før han vart frakta til sjukehuset gøymde han seg i fleire timar, liggande i bussen, for at terroristane ikkje skulle finne han. Han var ein av dei første som kom seg i tryggleik.

In Amenas

IN AMENAS: Røyk stig frå ei bygning i In Amenas. Biletet er tatt under terroraksjonen dei dramatiske dagane i januar.

Foto: Privat

På sjukehuset vart delar av ei kule i låret fjerna. Restane har han framleis i beinet.

– I mangel på lys, måtte legane lyse opp såret med mobilar for å sy stinga i låret mitt.

For han og kona har familie og vener vore ei enorm støtte etter terrorangrepet, men det er mange som ikkje heilt veit korleis dei skal handtere det, fortel dei.

– Sjølvsagt har me vener og familie, men ingen kan forstå korleis det var å sitje heime dei dramatiske døgna. Time etter time, døgn etter døgn, utan å vite om min kjære var i live. Ingen kan førestille seg korleis det var. Heldigvis, seier ho.

– Men vi merkar at det er mange som ikkje heilt veit kva dei skal seie. Vi ser at dei lurer på ting, men vegrar seg for å spørje, seier han.

For ekteparet handla mykje av tida etter angrepet om å ta eit siste farvel med dei omkomne. Heile sju begravelsar var dei i etter angrepet.

– Vi har på mange måtar fått livet i gåve. Vi tek ikkje lenger for gitt at vi skal feire jul til neste år. No prøvar vi å leve draumane våre. Vi har skjønt at det ikkje er noko poeng i å utsette ting. Man veit aldri når man ikkje har meir tid.