NRK Meny
Normal

– Ikkje trygt nok når dei kjem inn og drep 40 av kollegaene våre

Overlevande er ikkje overraska over rapporten om In Aménas-angrepet, og krev betre tryggleik.

Statoil-leiinga tok ikkje sikkerheten alvorleg nok, fastslår granskingsrapporten etter terror-aksjonen i Algerie.
Fem medarbeidarar mista livet som følge av terroren. Alarm-klokkene i Statoil burde ha ringt etter fleire alvorlege hendingar i området, meiner granskarane.

VIDEO: Thure Ingebrigtsen (t.v.) og Kolbjørn Kirkebø er ikkje overraska over konklusjonane i granskingsrapporten.

Statoil legger frem In Amenas-rapport

GRANSKINGSRAPPORT: Konsernsjef i Statoil Helge Lund, granskningsleiar Torgeir Hagen og styreleiar Svein Rennemo under presentasjonen av granskingsrapporten i Statoil sine lokale på Fornebu.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Rapporten var ikkje så veldig overraskande. Når terroristar kjem inn alle stader på anlegget og drep 40 av kollegaene våre, så kan ein ikkje seia at tryggleiken var god nok, seier Kolbjørn Kirkebø til NRK.no.

Han og Thure Ingebrigtsen, som begge overlevde angrepet på gassanlegget i In Aménas i Algerie, kommenterte rapporten i ettermiddag.

Tidlegare i dag kom rapporten om terrorangrepet i In Aménas, som eksterne granskarar har laga på oppdrag frå Statoil. Den slår fast at tryggleiken ikkje var god nok til å beskytta dei som jobba på gassanlegget.

Fem norske Statoil-tilsette blei drepne i gisselaksjonen, der til saman 40 arbeidarar mista livet. I februar sette Statoil ned ei granskingsgruppe som blei leia av pensjonert generalløytnant, og tidlegare sjef for Etterretningstenesta, Torgeir Hagen.

– Målet er å finna ut kva Statoil kan læra av denne hendinga, sa Hagen då rapporten blei offentleggjort.

Overlevende Algerie-angrepet

OVERLEVANDE: Kolbjørn Kirkebø (t.v.) og Thure Ingebrigtsen (t.h.) kommenterte rapporten i ettermiddag. Bildet er tatt i mars då dei saman med Bjarne Våge fortalde om dei dramatiske døgera i In Aménas.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Meiner alarmklokkene burde ringt

In Amenas

TERRORANGREP: Totalt 40 arbeidarar ved In Aménas blei drepne i angrepet.

Foto: SCANPIX / Reuters

Overlevande Thure Ingebrigtsen meiner det var ein del ting Statoil kunne gjort betre.

– Ja, det kunne kanskje vore sett meir i ein heilskap. Rapporten seier at fleire enkelthendingar kunne vore knytt saman til eit større risikobilde, slik at nokon alarmklokker kunne ha ringt på førehand, synest Thure Ingebrigtsen.

Han er krystallklår på at tryggleiken må bli betre.

Kollega Kolbjørn Kirkebø seier at verken han eller dei andre tenkte over på førehand at det var spesielt stor risiko ved å jobba på anlegget i In Aménas.

Etter dagens rapport sit Kirkebø igjen med eitt viktig spørsmål, som han kanskje aldri vil få svar på:

– Korleis greidde dei å koma seg så nær utan å bli oppdaga av dei militære?

Må vera trygge

– Er det aktuelt å dra tilbake når Statoil opnar for det?

– På kort sikt er det uaktuelt, men det må uansett avklarast med familiane våre, slik at dei ikkje skal sitja heime og vera utrygge, seier dei to kollegaene.

Kirkebø og Ingebrigtsen seier det går betre med dei no når dei har fått den dramatiske opplevinga litt på avstand.

Dei jobbar framleis i Statoil, og pendlar mellom London og Noreg. Kollegaene understrekar at dei har full tillit til arbeidsgjevaren sin.

– Det er eit viktig steg vidare at rapporten no ligg på bordet. No kan vi retta blikket vidare framover, seier dei.

Frå Statoil sin rapport

SLIK SKJEDDE ANGREPET: Rapporten har kartlagt kva som skjedde under angrepet.

Foto: Statoil

Fleire kritiske punkt

Det er fleire kritiske konklusjonar i rapporten som kom i dag:

• Dei samla indre og ytre sikkerheitstiltaka svikta, og var ikkje i stand til å beskytta dei som var på jobb på anlegget.

• Dei algeriske militære styrkane på anlegget greidde ikkje å oppdaga og hindra terroristane i å ta seg inn på anlegget. Granskarane slår ikkje fast at terroristane fekk ta seg uhindra frå grensa og fram til anlegget, men har heller ingen indikasjonar på at dei blei forsøkt stoppa undervegs.

• Sikkerheitsarbeidet var i stor grad basert på at dei militære styrkane skulle beskytta anlegget.

• Statoil sitt bidrag for å handtera kriser og risiko var effektivt, men granskarane spør seg om dette arbeidet bør styrkast endå meir.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017