Hopp til innhold

Overlege: – Sentrale krefter vil fjerne Odda sjukehus frå kartet

ODDA SJUKEHUS (NRK): Overlege Trond Dyngeland meiner leiinga i Helse Fonna gir blaffen i prosjektgruppa som vurderer framtida til Odda sjukehus. No fryktar han dei vil svekkje sjukehuset av politiske grunnar.

Trond Dyngeland

KRITISK TIL LEIINGA: «Man får følelsen av at det som skjer er politisk styrt av krefter sentralt i Helse Fonna som ønsker å fjerne Odda sykehus fra kartet. Det synes ikke helsefaglig begrunnet», skriv overlege i kirurgi, Trond Dyngeland i eit lesarbrev i Hardanger Folkeblad i dag.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er kritikkverdig. Eg har rett og slett vanskar med at dei får seg til å gjere det, seier Trond Dyngeland, overlege ved kirurgisk avdeling på Odda sjukehus.

I kjølvatnet av den nye helse- og sjukehusplanen, har Helse Fonna oppretta prosjektgrupper som skal vurdere endringar ved sjukehusa på Stord og i Odda.

Prosjektgruppa på Stord har konkludert med uendra akuttberedskap, og fått støtte av leiinga i Helse Fonna, trass i at sentrale myndigheiter foreslo at ein ikkje skulle ha kirurgisk beredskap på Stord.

I Odda er det motsett: Der opnar den nasjonale planen for å behalda akuttkirurgisk beredskap trass i at nedslagsfeltet er lite, fordi geografi, klima og samferdsle kan gjere transport til andre sjukehus vanskeleg.

Prosjektgruppa ved Odda sjukehus har ikkje konkludert, men opplever likevel at leiinga i Helse Fonna allereie har bestemt seg for å fjerne funksjonar frå sjukehuset.

Odda sjukehus

LANGE AVSTANDAR: Sjukehusplanen seier at sjukehus med under 60.000 i folketalsgrunnlag i utgangspunktet ikkje skal ha akuttkirurgisk beredskap. Det folketalet er Odda sjukehus langt unna. Men geografi, klima og samferdsle kan likevel opne for å behalda tilbodet på mindre sjukehus, ifølgje planen.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Rett og slett frekt

Overlege Trond Dyngeland sit i prosjektgruppa, og viser til at administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen, både internt og i lokalmedia har uttalt at «innhaldet i Odda sjukehus vil bli endra».

– Endring betyr nedbygging. Noko anna alternativ finst ikkje, seier Dyngeland.

Han meiner utspela frå Klausen er eit tydeleg signal på at konklusjonen frå prosjektgruppa, som kjem i desember, ikkje vil ha særleg stor betydning.

– Kva er meininga med prosjektgruppa? Det verkar jo som konklusjonen nærmast er klar. Eg synest rett og slett det er frekt, seier overlegen.

Odda sjukehus har i dag full akuttkirurgisk beredskap, medisinsk beredskap og anestesilege i døgnvakt. Det er førstnemnde som står i fare for å bli fjerna.

– Vil fjerne Odda sjukehus frå kartet

I eit lesarbrev i Hardanger Folkeblad går Dyngeland i dag hardt ut mot helseføretaket:

«Helse Fonna har i en årrekke tatt avgjørelser som har medført en nedbygging av det kirurgiske tilbudet ved Odda sykehus [ ...]. Man får følelsen av at det som skjer er politisk styrt av krefter sentralt i Helse Fonna som ønsker å fjerne Odda sykehus fra kartet. Det synes ikke helsefaglig begrunnet», skriv overlegen.

Pasientar må til Haugesund eller Haukeland dersom Odda ikkje har kirurg på vakt. Grunna nærleiken til andre sjukehus, synest Dyngeland det er uforståeleg at Helse Fonna ikkje heller vurderer nedbygging på Stord enn i Odda.

– Dei tek ikkje omsyn til tilrådingane i den nasjonale sjukehusplanen. Dette meiner eg er styrt frå leiinga i Helse Fonna. Og eg veit ikkje kva grunnlaget for det er, seier Dyngeland.

Helse Fonna opplyser til NRK at dei ikkje vil kommentere kritikken. Dei seier dei vil ta stilling til tilrådingane frå prosjektgruppa når desse ligg føre.