Hopp til innhold

Overgrepsutsette barn som kjem på feil dag, blir ikkje sjekka av lege

Barnehusa har ikkje pengar til medisinsk undersøking av alle barn som kan ha opplevd overgrep. Stortingsrepresentant Ruth Grung (Ap) fryktar bevis kan gå tapt.

Barnehuset i Bergen

AVHØYR OG UNDERSØKING: Barn som er utsett for vald eller overgrep gir sine forklaringar til politiet ved barnehusa. Her frå Bergen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Dette gjer at barnet står svakare når det gjeld rettstryggleiken, seier stortingsrepresentant Ruth Grung i Arbeidarpartiet.

I eit skriftleg spørsmål til helseminister Bent Høie uttrykkjer Grung ei uro for at barnehusa landet rundt ikkje har god nok økonomi til finansiere dei viktige legeundersøkingane.

– Barnehusa har ulike avtalar med sine helseføretak og alle barn blir ikkje undersøkt. Det har vore eit problem i mange år, seier Grung.

Det finst i dag ti ulike Statens barnehus rundt om i landet. Dei er ein viktig instans i overgrepssaker, og eit tilbod til barn og unge som kan ha vore utsett for eller vitne til vald og seksuelle overgrep.

Viktig rolle

Overgrepsavsløringane i «Dark Room»-saka har på ny sett fokus på barn og unge som er utsett for overgrep. Til no har 20 barn vore inne til avhøyr på Barnehuset i Bergen i forbindelse med etterforskinga.

I tillegg har Vest politidistrikt hatt fleire overgrepssaker til etterforsking. Seinast torsdag førre veke vart ein bergensmann dømd til 15 års forvaring for overgrep mot åtte små jenter.

Alle var inne til avhøyr på Barnehuset, og den eine forklaringa frå eitt av barna var i svært stor grad det som var med å avsløre den no overgrepsdømde 44-åringen.

– I «Dark Room»-saka kan det komme fleire barn som skal inn til avhøyr. Derfor spør eg også helseministeren om korleis dette no blir følgt opp for å sikre at alle barna som treng det blir undersøkt, seier Grung.

Tre ansatte i Operasjon Dark room

AVSLØRINGAR: Over 50 menn er sikta til no i den store «Dark Room»-saka som bergenspolitiet har rulla opp.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Får ikkje umiddelbar undersøking

I tillegg til avhøyr, skal barnehusa gjera medisinske undersøkingar av barna som kan vera utsett for overgrep. Men legekapasiteten er dårleg.

Grunna økonomi og ressursar har Barnehuset i Bergen lege og sjukepleiar berre éin dag i veka.

– Kjem det eit barn til avhøyr ein av dei dagane dei ikkje har dette, får ikkje barnet umiddelbart ei medisinsk undersøking.

Leiar Eirin Baugstø ved Barnehuset i Bergen kjenner seg att i problematikken.

– Men det er den avtalen vi har med Barneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Vi skulle ønske vi hadde det oftare, for det er absolutt behov.

Ruth Grung

KREV SVAR: Ruth Grung (Ap) stiller spørsmål til helseminister Bent Høie (H) om finansiering av medisinske undersøkingar ved barnehusa i Norge.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Foreslår generell finansiering

Utfordringa ligg altså i kven som skal betale. Ved dei ti barnehusa som finst i Norge i dag, er det ulike ordningar. Nokre har stykkpris, andre har rammeavtalar slik som i Bergen.

Ruth Grung i Arbeidarpartiet foreslår ei generell finansieringsordning.

– Då blir det slik som når ein blir akutt innlagd på sjukehus. Då er det ingen som spør kven som skal betale, argumenterer Grung.

Helseminister Bent Høie (H) har frist på seg til tysdag 29. november med å svara, og vil ikkje uttala seg før det.