Hopp til innhold

Overgrepssikta eks-politikar kan få eitt års fengsel

Aktor bad i dag om eitt års ubetinga fengsel for den overgrepssikta eks-politikaren frå Hordaland. – For høgt, meiner forsvararen.

I dag starta rettssaka mot eks-politikaren frå Hordaland som er sikta for seksuelt overgrep mot ein ung gut. Overgrepet skal ha skjedd for ti års sidan, då guten var 13 år.

Mannen har tidlegare tilstått forholdet, og trekt seg frå alle politiske verv.

Ifølgje forsvarar Thor Arne Reitan la statsadvokaten la i dag ned påstand om eitt år ubetinga fengsel for den tidlegare politikaren.

Meiner straffenivået er lagt for høgt

– Me meiner det nivået som statsadvokaten la ned påstand om, er for høgt ut frå saker som det er naturleg å samanlikne med, seier mannens forsvarar, Thor Arne Reitan.

Den sikta mannen informerte sjølv fylkesleiaren i partiet sitt tidlegare i haust. Då var han under etterforsking av politiet.

– Klienten min beklagar djupt det som skjedde, og skulle ønske det var ugjort. Når det no er komme til retten er han villig til å ta konsekvensane av handlinga si, seier Reitan.

Dommen er venta å falle i neste veke.

NRK har ikkje lukkast med å komme i kontakt med den fornærma sin advokat eller statsadvokaten.