NRK Meny
Normal

Overgrepssikta blir fengsla i fire nye veker

Den barnehagetilsette mannen (31) i Bergen som er sikta for overgrep mot fem barn, blir varetektsfengsla i fire nye veker.

Barnehageansatt erkjenner overgrep mot flere barn

INNRØMMER SKULD: Den 31 år gamle mannen erkjenner å ha forgripe seg på fem gutar i to barnehagar han har jobba i.

Foto: Hommedal, Marit / NTB Scanpix/Faksimile fra Facebook

Den 31 år gamle mannen har sete i varetekt sidan han vart pågripen 15. april.

Politiet har bede om ny varetektsfengsling frå fredag denne veka, då den noverande fengslingsperioden går ut.

– Den sikta har sjølv samtykka til ny varetektsfengsling, seier politiadvokat Eli Valheim.

Mannen vart først sikta for valdtekt av ein fire år gammal gut i barnehagen kor han jobba.

I avhøyr innrømma den sikta overgrep mot ytterlegare fire barn i to forskjellige barnehagar i Bergen.

Gjer avhøyr

Valheim seier det framleis blir gjort avhøyr i saka.

– Me avhøyrer framleis den sikta og fleire vitne, både barn og vaksne.

Store mengder data er blitt beslaglagt i saka, men politiet vil så langt ikkje seia noko om kva dei har funne.

Forsvarar Beate Hamre stadfester at 31-åringen samtykker til vidare varetektsfengsling.

.

Eli Valheim

POLITIADVOKAT: Eli Valheim seier det framleis er mykje arbeid som står att i etterforskinga.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Tung etterforskingsfase

– Me tar til etterretning at han samtykker til framleis varetekt og oppfattar at saka framleis er i ein tung etterforskingsfase. Det er behov for meir tid, seier bistandsadvokat Rolf Knudsen til NRK.

Politiet har tidlegare signalisert at dei vil halda den sikta i varetekt fram til saka kjem opp.

Knudsen seier foreldra til dei råka borna er opptekne av at politiet får gjort seg ferdig med etterforskinga.

– Foreldra ønsker framleis at politiet skal få ro til å jobba med saka, og at det skal koma ei avklaring innan rimeleg tid.

Siste video

13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.
 Programleder Mariann Reikerås