NRK Meny

Overgrepssikta blir avhøyrt sundag

Mannen som fredag blei arrestert og sikta for overgrep mot to born, sit sundag føremiddag i avhøyr. Politiet har ikkje teke stilling til om mannen skal fengslast. – Me må først finna ut kva som er realitetane i saka, seier vakthavande jurist Thomas Arntsen. Dei fornærma borna vil bli avhøyrte på Statens barnehus. Fleire personar tilknytt saka er allereie avhøyrte, ifølgje Arntsen.