NRK Meny
Normal

Har fått inn over tusen skademeldingar

Det har hagla med skademeldingar inn til forsikringsselskapa etter ekstremvêret i helga.

Eltravågen i Sveio etter Nina

FEID PÅ LAND: «Nina» raste godt frå seg på laurdag, som her i Eltravågen i Sveio.

Foto: Tor Andrè Johannessen / 03030-tipser

Unni Arnøy sitt hus

HARD MEDFART: Spesielt er det hustak som har fått juling i ekstremvêret.

Allereie søndag ettermiddag var det kome i overkant av 1000 meldingar om materielle skader etter at «Nina» feide over landet i helga. Men forsikringsselskapa er budd på at det kjem langt fleire utover veka.

– Det er nok mange som ikkje har fått summa seg enno. Også er det fleire som er utan straum og mobildekning. Så vi ventar at omfanget vil auke ytterlegare frå i morgon av, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge til NRK søndag.

Dei administrerer Norsk Naturskadepool, der alle forsikringsselskap med brannforsikring er medlem.

Omfattande skader

Søndag avslørte dagslyset korleis dei enorme vindkreftene har herja med bygningar, bilar, båtar og infrastruktur. Spesielt har hustak fått juling av «Nina».

- Vinden har rive med seg tak, takstein, takplater og anna. Vi ser at enkelte har meldt inn om svært omfattande skader, i tillegg til mange mindre skader.

Også langs kysten har det gått hardt føre seg. Naust og flytebrygger har blitt rive i fillebitar av stormen, som hadde orkan i kasta på det aller verste.

Eltravågen i Sveio etter Nina

Flest i Hordaland

Til no er dei fleste skadane blitt meldt frå Hordaland. Her er det også flest som er utan straum, telefon og internett.

– Men vi er framleis i ein tidleg fase av kartlegginga. Det er ingen tvil om at omfanget vil auka frå i morgon av når folk har fått talt opp. Forsikringsselskapa er budd på meir trafikk, avsluttar Neverdal til NRK.

Siste video

Ein person mista livet då eit stort snø- og jordras trefte Odda i 1993.
Programleiar er Jan Børge Leirvik
Programleiar er Jan Børge Leirvik