Hopp til innhold

Over tusen eigedomar skadde i vestlandsflaumen

Skadane etter flaumen i Hordaland og Sogn og Fjordane i oktober kjem på over 400 millionar kroner.

montasje

FLAUMSKADAR: Pinnekjøtt blir kasta ved Nortura i Evanger. Kulturhuset i Voss flaume over. Eit hus ligg i straumen i Flåm. Fem hus blei tatt av elva Opo i Odda.

Foto: NRK / montasje

Flaumen på Vestlandet i oktober blei brutal for mange i Flåm, Odda, Lærdal og på Voss. Store delar av infrastrukturen på Vestlandet blei skrubba vekk etter storflaumen. Over tusen eigedomar blei skadde og mange har mista heimane sine.

– Når me ser på liknande hendingar av denne typen ser me at skadane kan kosta opp mot ein halv milliard kroner. Det er ein stor sum, seier Tonje Westbye, kommunikasjonssjef i Finans Norge.

Over 400 millionar kroner blir utbetalt i forsikring etter oktoberflaumen.

BAKGRUNN: Sjå oversikt over dei enorme øydeleggingane

Prislappen vil auke

Men av dei 400 millionane som blir utbetalt i forsikring er den summen berre ein liten del av dei totale skadane. I tillegg kjem skadar på veg og jernbane.

– Samfunnskostnadane som er knytt til til dømes infrastruktur og dyrka mark som blei øydelagt etter flaumen er jo store. Så totalen er jo langt meir enn det me faktisk har oversikt over, seier Westbye.

LES OGSÅ: Erna Solberg lovar pengar til flaumråka kommunar raskt

Meir enn tusen eigedomar skadde

Størst av forsikringsselskapa som har fått meld inn skadar er Gjensidige. Informasjonssjef Arne Voll har fått mange skadar å hanskast med.

– Me har fått flest skademeldingar på Voss. Det skuldast at vatnet gjekk over breiddene sine og mange fekk vatn inn i kjellarane sine.

Elles er nok dei største enkeltskadane for private i Odda, Lærdal og Stord, seier Voll.

– Det blir jo eit reknestykke. Men me snakkar nok over tusen skadar totalt.