Hopp til innhold

Øver på å redda liv i snøskred

Minst 241 personar har vore involverte i snøskred i Noreg dei siste to åra. No samarbeider naudetatane og redningsorganisasjonane for å vere ekstra budde på slike situasjonar.

Redningsøving, Røldal.

Under øvinga på Seljestad vart det skapt eit realistisk scenario der fem personar skulle reddast frå eit snøskred.

Foto: Tale Hauso / NRK

Naudetatane i Hordaland arrangerer for tida fleire øvingar saman med ulike redningsorganisasjonar og skisenter. Målet er å samkøyre seg slik at dei er så førebudde som råd dersom det kjem eit snøskred.

Om lag 50 personar frå mellom anna Røde Kors Hjelpekorps, Sivilforsvaret, Norske Redningshundar og naudetatane deltok på den eine øvinga som gjekk føre seg på Seljestad sist veke.

Tal frå varsom.no viser at minst 241 personar har vore involverte i snøskredulukker sidan registreringa starta for to år sidan. 11 av desse omkom.

Viktig samkøyring

Under øvinga på Seljestad, like ved Røldal Skisenter vart det skapt eit realistisk scenario der etatane skulle gå saman om å redde fem personar som vart tekne av snøskred. Områdeleiar Yngve Vestrheim meiner slike testar er viktig for å gjere samarbeidet under dei reelle redningsaksjonane optimale.

– Det er utruleg viktig å trene saman. Sjølv om alle etatane øver kvar for seg, er nettopp denne samkøyringa ein viktig del å ta med seg. Når uhellet først er ute, må alle vere klare til å rykke ut og vite nøyaktig kva dei skal gjere, seier han.

Områdeleiar Yngve Vestrheim frå Røde Kors Hjelpekorps i Odda.

POSITIV: Områdeleiar Yngve Vestrheim meiner etatane er godt budde på snøskredsituasjonar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Trenar heile vinteren

Enno har ingen mista livet i snøskredulukker i Noreg i 2017. Vestrheim håpar dei med desse øvingane kan la statistikken få vere slik.

– Det er mange ressursar i sving på ein gong, så ei slik øving gir god læring. Vi trenar på dette gjennom heile vinteren, så eg meiner vi er førebudde dersom det kjem eit ras, seier Vestrheim.

Evaluering etter skredøving på Røldal Skisenter

GJENNOMGANG: Under evalueringa kom det fram at varslingssystemet kunne verte betre.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kan bli betre

Under evalueringa etter øvinga i Odda vart det klart at sjølv om operasjonen var vellukka, kan varslingssystemet effektiviserast.

– Sjølv om dette berre er ei øving så er det ting som kan verte betre. Denne gongen var det Røde Kors som ikkje vart varsla så tidleg som dei burde. Eg vil sjekke opp i om det var ein glipp på grunn av at det var ei øving, eller om vi må setje i verk tiltak, seier Vestrheim.

Politibetjent og innsatsleiar under skredøvinga, Arne B. Olsen er einig.

– Vi får løyst oppgåva, men det kunne ha gått kjappare. Etter å ha hatt ei evaluering ser vi kva vi må fokusere på, så eg trur nok desse tinga vil gli endå lettare neste gang, seier han.

Øvelse

ØVING: Om lag 50 personar frå mellom anna Røde Kors Hjelpekorps, Sivilforsvaret, Norske Redningshundar og naudetatane deltok på den eine øvinga som gjekk føre seg på Seljestad sist veke.

Foto: Tale Hauso / NRK